- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
122

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rande av Magaverk, — eit grøtelegt Syn aa sjaa for
Folk som for Gudar. Sjølvsagt maatte det daa hende,
at Byfrøknine fraa den andre Sida Sjøen just i den
Stundi gjekk seg ein Tur i Skogen so grøn; — for desse
Kristianiafolki hev enno ikkje lati seg skræme av det
reine Flagge mitt. Daa Literaten fekk sjaa Damur, so
kann du tru han reiste seg i Sæte, med all Magaverken
sin! Men so gleid Sålen til den andre Sida att; og fyrr
han visste Ord av, stod han paa Landjordi, midt upp i
Armane paa dei tvo Frøknine... «Tjah! Undskyld
mine Damer ... et Uheld... ganske tilfældigt...» Dei
var alt langt burt-i Skogen. Han stod etter vesall og
bleik; vreid seg i sitt Munnskjegg og bad so smaatt til
Hin-Mannen.

*



Det er Matknipe her uppe um Sumaren; serleg er her
Kjøtnaud; so fann me paa at me vilde hava Høns; den
som hev Høns hev Egg med same, veit du. Eg til
Straalsjøaasen; kaupte tri Hønur og ein Hane av
Gard-sen, og bar desse Fuglane heim i ei Korg. Hønsehus
hadde me ikkje; i Snarvendingi kunde me kje faa noko
heller; me visste daa ikkje meir enn ei Raad: laga
Hønsegarde i Vedskaalen, Vegg i Vegg med Stogo vaar.
So gjekk me um Dagen og gjætte Hønsi, at ho ikkje
skulde fara paa Skogen og verpe sine Egg burt der;
men um Natti...

Um Natti heldt Tuften oss vakne til Klokka eitt og
tvo; daa kunde det nok smaka aa faa Sovefred. Men
Takk skal du ha; Klokka tri vakna Hanen! Som
Brand-rop, som Laat av ein Hérlur tona det inn til oss fraa
Vedskaalen: Kykeliky—y! Sol-er-i-Sky! Og uppatt og
uppatt: Kykeliky—y: Sol-er-i-Sky! Dermed vart
Tuften uppskræmd og tok til aa jamre; æ—æ! æ—æ! bæ
—æ! mæ—æ! — og so kom Hønune: bøtt-bøtt-bøtt-ga!

122

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free