- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
140

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

langt ifraa heller; der kunde me skipa oss eit nytt
Kolbotnen kanskje, og sleppe likso billegt fraa det som
her, eller vel det. Og so er det meir Sol der, og
gladare Folk. Dei er kje so gode kristne der nede som
her; dei er katolske, Stakkar; men dei skal vera
rimelege lell, og korkje brenne eller svelte Folk som ikkje
trur paa Paven. Og so kann eg skrive; og Kjeringi fær
laga Mat; men um Kvelden gjeng me paa Gasthaus.
Og Tuften ... han fær vekse upp der nede og lære Tysk,
so han ikkje som Far sin skal vera bikkjebunden til
desse nakne Fjell som helst spenner fraa seg Borni
sine.–

Me pakkar Kuffertane vaare. Tek so Tuften paa
Armen. Og stengjer Dørine i Kolbotnen og stryk.

Men som me fer ut yvi Sjøen, og ser attende til den
vesle Stogo der me hev havt det so vondt og so godt, og
me ser Lidi som hev sust for oss alle sine underlege
Songar ,og det vene Einundfjell ,og Storhøa dukkande upp
i Nord, og Marsjøfjelle, og Savalkletten, men i Aust
Tronfjell, barmbreidt og trygt, heile denne vesle store
Verdi der me førde vaar fyrste saare Strid for aa byggje
oss ein Heim ... daa tek ho Hulda til aa graate.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free