Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ho var for veik, sa han. Han maatte brüka
Svæ-vingsraadir; men det torde han ikkje utan han hadde
ein annan Doktar med seg. «Enn eg — ? kunde kje eg —
— ?» — «Det maatte i alle Fall vera ein som ikkje var
nervøs,» sa Doktaren. Der stod me. —
Ho Hulda laut taka til Tölmode paa nytt. Vente til i
Morgo; til Toge gjekk; og so til Hamar... tjuge Milir
Jønnvegsskaking. Og so ei svevnlaus Natt til...
–Etter dette var det me sagde til kvarandre at
det gjeng ikkje.
Kolbotnen var den einaste Staden i Lande der me
kunde bu; no ser me at me kann ikkje bu der heller.
Den minste Ting, ei vond Tonn, eit Krampetilfelle,
kann setja oss reint fast. No daa me hev Guten, kann
me alraminst spéla slikt Vaagaspel.
Ut maa me.
Eg hadde søkt Statens Reisestipendium; kunde eg faa
det no, so vilde me vera berga. Ein Dag kjem Bladi og
fortel at eg ikkje fær det.
Me maa ut lell.
Eg er komin so langt med den nye Sogo at eg ser
det vert Bok av. Skriv so til den danske Forleggjaren
min og bed um Fyribetaling. Det fær eg strakst. So
fær me liva paa Boki so lengi den varer; og sidan...
fær me sjaa, daa.
Det maa finnast Stadir i Verdi der det er likso billegt
aa liva som her. For her er ikkje noko billegt. Bøndane
lyt nok hava det dei kann faa; og alt me maa taka med
Jønnvegen vert urimeleg dyrt; dei norske
Jønnvegs-takstane er kje for Smaafolk, veit du.
I Sørparten av Tyskland skal vera billegt; i Bayern
t. D. Kannhende me der kunde finne ein fredeleg Flekk
... ein Landsby ikkje for nære Storbyen og ikkje for
139
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>