- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
145

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meir upp-under Dovrefjell enn ned-under Grefsen-Aasen.
So stengde me Dørine og drog.

Me leigde oss inn paa Stokke i Jarlsberg den Vinteren,
som du veit; Vaaren etter drog me paa Huse-Leit:
Upp-etter paa Telemark-Leidi. Mangt saag me der som kunde
vera godt. Men jamt var der eitkvart i Vegen.

Og ei vrang Sanning kom upp. Eg kjende meir og
meir at eg var Jærbu. Hadde kjent det lengi, men ikkje
vilja vita av det. Men Jærbuen vart sterkare og sterkare
i meg; eg slapp ikkje ifraa ’n lenger. Hav-Lengt livna;
Hav-Minne drog; millom Fjell kjende eg meg
innestengd. Vidd, Vidsyn maatte til; Hav. Havglans,
Hav-glim, Havglitter; Havsus, Havbröt, Havbrak;
Havstorm, Havskodde, Havrædsle, all Havsens Villskap og
Leik, det var det som no tok til aa blenkje og dure og
dundre for meg. Men i Ryggen maatte eg hava ein
Fjellgard, roleg og stød og blaa. Halve Verdi hadde eg fari
kring og leitt etter Heim; no kjende eg, at rett heime
vart eg ingin Stad utan heime.

Men —. Ja du kjenner Verdi. Han spaar, men h o
raar.

Hulda var Austlending. Heidmorking. Hadde aldri i
sitt Liv lukta Sjø, utan fraa eit Eimbaatsdekk. Paa
Jæren hadde ho vori ein Gong, og tott der var gildt.
For-underlegt; eit heilt nytt Land! Men rart. Liksom so
utrygt. Paa desse flate Viddine der all Verdi kunde sjaa
henne hadde ho mest ikkje visst kvar ho skulde gjera av
seg! Og so var det Vinden paa Jæren, denne uslitelege
Vinden. Nord og Nordvest og Nord til Nordvest. Og so
Regn og Skodde og kaldvori jamt. Nei; til Jærbu dugde
ikkje ho Hulda.

Der stod me paa nytt.

So laut me semja oss. Det vart til det at ho,
Austlendingen, skulde velja Austlandsbustad att oss; og eg

145

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free