Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skulde finne meg i alt ho her fann paa, og ikkje knurre
meir enn so maateleg. Men eg skulde faa byggje meg
ei «Ungkars-Stogu» paa Jæren. Kolbotnen fekk me
selja. Men det laut me no, trøyste oss, kor som var.
*
So gjekk det som du veit. Me bur i Asker; kven
skulde no drøymt um at eg skulde bli Askermann. Men
mi Ser-Kraa hev eg her. Paa Jæren. Upp-under
Und-heimsfjelli. Innmed Knudaheiberge; i Knudaheio. Kva
det no kann vera for ein Knud som her hev haldi til.
Her vil eg daa vera heime eit Bil kvart Aar; og sitja
og sjaa ned-yvi; og so skal eg ikkje krevja meir av
denne Verdi.
Men Kolbotnen vart ikkje seld. Dei som hadde Vit
paa Kolbotnen hadde kje Pengar, og dei som hadde
Pengar hadde kje Vit paa Kolbotnen. Og glade er i
Grunnen me. So hev Tuften sin Serheim han med, og me er
vel etter Folketale det heimrikaste Huse i Norig.
Ein Herre kjenner eg meg og ein Uebermensch. I
kvart Hyrna av Sud-Norig hev eg ei Borg: ein
Fjellheim upp-under Dovre, ein Havheim ut mot Nordsjøen
og ein Bygdeheim og halvt Byheim midt i svartaste
norskdanske — Kulturen fær eg vel segja? — for halve
Kristiansby ligg i Asker um Sumaren, veit du.
Eg kann daa, som andre Nordmennar, vera Herre til
dess eg spélar upp. Og i Asker kann eg spéla upp;
for der hev me so vidt mykje at det vel kann verte til
ein rimeleg Sakførar. Men kor gali det kann gaa: tvo
Gardar vil eg i alle Høve vera Eigar av. Og det vert ein
til Kjeringi og Guten, og ein til meg sjølv. So at kvar
Gong me vert Uvénir, kann me skiljast og leggje
noko-sonær heile Norig imillom oss. Seg meg um du trur, at
146
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0148.html