Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Heim att bar det. Og klara oss gjorde me, — til dess
dei nye Vanskane kom som eg her framfyri hev nemnt.
No hev me funni Raad for deim med, trur me; tykkjest
daa vera trygge.
Og den Heimhugen som skulde ■ vera burt-sivilisera
vinn meir og meir Magt. Naar Vaaren kjem, og det
livnar i Jordi, og løynde Kraftir æser, vaknar han i meg
som eit Samvitsagg; paa Heimegangsdraugs Vis søkjer
eg daa hit nokre Nætar og spøkjer paa gamle Tuftir.
For meir vert det ikkje. Det var nok eit Bil eg tenkte
paa aa koma heilt «heim». Eg vilde vera Bonde og min
eigin Herre liksom Fedrane mine; — eg vert stundom so
leid av aa liggje aa prikke paa Papper med ein Penn
stødt. Eg slog paa dette jamvel for Doktaren. Men
Doktaren smilte. Og sagde meg Ting som eg ikkje
kunde koma ifraa. Eg dugde ikkje til Bonde lenger, var
Meiningi. So fær eg vera nøgd med aa «spøkje». I det
heile: det du ein Gong hev kasta ifraa deg tek du ikkje
letteleg att.
Men endaa er det meg ei Kvild aa vera heime. Det
letter aa faa gange paa Heime Grunn og ande Heime
Luft og tala Heime Maal og friske upp Heime Minne.
Nokon Hav-Jærbu er eg ikkje; snarare burtimot halv
Fjellmann; so stend daa au Stogo mi her i Fjellbryne,
nettupp i Millombrøyte millom Flatland og Fjell.
Aa, som eg kjenner att dette brune Hei-Lande med
grøne Gardflekkir og her og der ein Skimt av Vatn eller
Aa, so som det herifraa breider seg ned-yvi og ut-yvi til
Havs: Tunheims- og Risa- og Tjensvollbakkane,
Mos-sige- og Fossehøgdine og lenger nord og ned
Hognestad-og Hauglands-Gardane; midt ned-for Vindaugo mine
Papper: Papir. — Millombrøyte: «Overgang».
M o s s i g e (Vats-sige skal det tyde) vert mest uttala
Massøgje eller Mossyg.
10 — Garborg VIII.
149
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>