Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paa Vaarsida tok me oss ein Sving ned-til Italia;
maatte sjaa det Lande med, naar me var so vidt nære.
Og tenk um me kunde finne oss ein Bustad paa klassisk
Grunn! Ein skulde kunna liva endaa billegare der nede
enn i Tyskland.
Den Tanken gav me elles snart upp. Det var
Tyskland me for det fyrste fekk tenkje paa; men skulde ein
Bokmann av mitt Slag kunna klara seg der, so laut han
sjaa um han kunde faa eit Fotfeste i Berlin; me flutte
til Riks-Hovudstaden.
Der var me verande ei god Stund. Billeg Bustad fann
me i Erkner, ein Landsby ikkje langt ifraa Storbyen.
Der fekk eg mill. a. ein Tanke um det tyske Skogbruk:
Skogen vert planta, og so i si Tid «hausta», Teig for
Teig; kvart Tre vert ut-nytta fraa Rot og til Topp og
Kvist; so vert ny Skog sett, o. s. fr. Eg hugsar eg gjekk
og undrast paa, kor mange Mannsaldrar det vil taka
fyrr me norske kann faa slik Skikk paa Skogstelle vaart.
Mykje Godvilje møtte eg i Berlin. Serleg maa eg
nemne Bokmanns- og Kunstnar-Lage «Freie Bühne»;
millom dei styrande der fann eg Samhug og Studnad
som gjorde mykje til at Mode mitt heldt seg uppe i ei
Tid som elles kunde vorti leid nok.
Men Heimhugen er det lite Vit i; sistpaa vakna han
trass i alt. Vakna og gnog og gnog. Enden vart at me
gav upp Utlandsdraumen.
Lære kann ein i framande Land. Og kvile. Stengje
seg inne og arbeide med. Men Folk som eg maa bu
heime, skal Arbeidshügen halde seg frisk; den Juling
ein skal hava fær ein finne seg i.
Me fann ut at me fekk freiste Kolbotnen att. Naar me
var der paa Sümarsida so mykje me kunde, og so trøyta
svartaste Vintertidi i Byn, so maatte me klara det,
meinte me.
148
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>