Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i full Stas; men blanke Sverd laag yvi Kista i kvar
Haug, og stakk alle som grov seg ned-i og vilde leite.
Nedanum Markaasen ligg Maulands-Hagen. Den hev
fyrr høyrt Mauland til, Grannegarden vaar nedanfor
Aasen. Her renn Tver-Aai i blenkjande Svingar; den
vilde vera gild aa hava aa sjaa paa, meinte eg; og like
eins dei grøne Maulands-Engine ho gjeng igjenom. Stogo
hadde eg tenkt aa leggje tett inn-til dei gamle Haugane,
soleis at desse paa ein Maate vart medhøyrande til
Garden min.
Men denne Draumen sprengdest. Markaasen var
sund-skift og sundgjerd no; det var ikkje min Markaas
lenger. Og so var her komi so mykje Gjerde. Eitt av deim
gjekk endaa midt yvi den eine av dei tvo Gravhaugane.1
Eg misste Mode paa Markaasen.
Sidan leitte eg etter Tuft baade her og der, fraa
Tu-Bakken med Veda-Haugen og alt til Heidane upp-ikring
Synesvarden. Til Slutt skulde det laga seg her paa
Stora-Undheim. Der fekk eg for hundra Kronur knapt
eit Maal Jord med all denne fagre Utsyn.
Dei segjer eg vart snytt. Hundra Kronur for eit Maal
Lyngmark upp-i ei Stein-Heid, det var daa kje med Vit,
segjer dei. Men daa reknar dei ikkje Utsyni. Dessutan,
kva skulde slik ein som eg vera til, naar han ikkje lét
seg snyte so daa og daa, helst av Heimefolk? Og hev
eg forskyldt den Markabiten godt, so kann eg vel au
vera tvi-trygg paa at eg eig ’n.
Veg hev eg mest heilt fram. Det er berre eit Par
Gjerde aa klive og eit Par Myrhol aa klara fyrr eg kjem
aat Hus; og baade Handelsbu og Mjølkebruk («Meieri»)
hev eg ned paa Garden, so eg snart kann naa deim
Veda- (Vita-): den gamle Hérvarslings varden stod der.
— forskylde: «gjengjælde»; betala.
1 Gravhaugarne er burte no. (1922).
151
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>