- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
152

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men ikkje tarv sjaa deim. Eg skal nok klara meg i
Knudaheio.

Huse vart mykje dyrare enn eg hadde tenkt; um Lag
te so dyrt. Men so hev eg au fengi eit Hus paa
Festningsmurar, og med ein Kjellar som eg kunde brüka til
Smede-Verkstad. Byggjarane trudde eg var rik,
maa-tru; paa ei einaste Bok skulde eg ha tent tjuge tusund
Kronur; so eg kunde vel kje bu her i Undheimsfjelli
reint som ein Fant. Eg fær daa sjaa aa berge mi
Rik-manns-Ære so godt eg kann; Byggmeistaren min, han
Sven Litla-Undheim, er rimeleg og greid, so det skal vel
laga seg.

Høgt ligg Stogo og ser vidt yvi Land; ikkje sjølve
Garborgsaasen kann stengje for meg lenger. Det er ein
av Barnedraumane mine som no paa ein Maate sannar
seg. Eg var i den Draumen Lyktemann, og hadde Holo
mi ein Stad her upp-ikring Sikvalands-Kulo. I myrke
Nætar gjekk eg med Lykti ned gjenom Heidar og Myrar
aat Sjøen, og gjorde underlege og visst for det meste
gode Gjerningar. No er det smaatt med baade
Natt-ferdir og gode Gjerningar; men Hola mi hev eg daa her,
paa Lag upp-under Sikvalands-Kulo; og Augo mine
gjeng sin Lyktemannsgang yvi Myrar og Heidar til Havs
rett som det er. So eg vart endaa som ein Lyktemann
paa Jæren.

Attum Stogo er Fjedlo. Det er Smaaberg og Knausar;
men dei veks etterkvart som ein kjem lenger upp, um
dei no ikkje vert so svært store. For kvardagskloke
Augo er her lite aa sjaa. Men eg som hev fari her i
den Tidi daa ein stundom ser Synir, kann skilja mykje
og mangt som ikkje alle fær Tak paa. Eg ser tydeleg

te so dyrt: ein Gong til so dyrt; tvidyrt. — Ei Kule:
1) Kule; 2) breidt, stort Fjell. — Sjøen: Have. — Fjedlo:
Fjelli.

152

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free