Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho utifraa til denne Tjuve- og Spekulant-Tid. Ho raar i
Fugleheimen som Kapitalisten i Mannheimen.
Kva skal ein segja? Folk er halvville enno; og
mange Eldar det trengst for Sann,
fyrr Troll og Dyr kann mykjast til Mann.
Verdi skeivlar i Veg den. Og me fær vera norske her
som elles og ikkje gjera noko fyrr det er for seint, —
veit eg?
n.
Knudaheio 2. 6. 99.
Du Steinar!
Mangt er umskift. Men alt skifter. Og er sitt same
likevel.
Eg er au min same. Jærbu som fyrr, med alle mine
Umflakkingar. Og Lande er sitt same. Med alle
Um-skiftingar. Det tyt um Novine som fyrr. Og d’er det,
det skal gjera. Eg vert uroleg naar det er stilt. Sit og
lyder og undrast: kva er no tids? Men so er det kje
lengi, so blæs det att. Og dermed er eg trygg og heime.
I Fyrstningi var det annarleis. Vinden svævde meg;
eg kunde sitja og prikke med denne Pennen og visste
av ingin Ting; so skvatt eg upp av ein Smikk: der laag
Pennen i Golve. Eg hadde sovi. Men no er eg meg
sjølv att. Det er ikkje stilt aat meg naar det ikkje blæs.
Ja i Morgonstundi, som no daa eg gjeng og steller, med
Kaffi og slikt, daa kann det vera stilt so mykje det vil;
og like eins um Kvelden naar eg skal sova. Men skal
ein arbeide, maa det blaase eit Grand. Det er trlggare
daa. Naar det blæs høyrer ein liksom at Vaarherre er
vakin.
tids: paa Ferd.
164
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>