Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vert hardare og hardare i denne matvise Tid, alt upp-i
Fjelli og alt ned-til Smalen.
Men sjaa der! Der flyg tvo Endar. Dei er frie
enno.
Ja for her er Fugl paa Jæren. Ikkje som fyrr; men
her er daa Fugl. Der austpaa, der alt er so mykje meir
framkomi, hev dei vel snart berre Kraaka att no; paa
Jæren ligg me meir i Atterhand. Ei And, eller Aand
som me her segjer, kann ein stundom sjaa; og ei Gaas
eller tvo med, so paa ein Tamperdag. Hegre, Efugl,
Lom og ymis annan langfarande Fugl er til enno.
Maakje er her nok av. Ryssagauken hev eg høyrt upp-i
Skyine med sine hole Kneggje-Laatt stundom. Viba er
her ikkje lite av; ho er braa og kvass som fyrr; ei
streng Riddarfruve med si Fjør i Luva. Heluna
(Hei-loi) høyrer ein pipe enno paa ei Lyngtuve her og der.
Ein og annan graabrun, smaafarande Heifugl og
Myrfugl kann ein i det heile raake paa, um det no ikkje
er ofte. Süme Smaafuglar er au att: Lerka som
stigande tirlar og syng, og Staren som skjemtar og
skravlar. Men Jæren er i Framgang den med.
Engelskmen-nar og By-Dagdrivarar hev tynt ned den meste Fuglen;
og Kraaka stél Egg og ét Fugleungar alt det ho vinn.
Folk jamrar stundom. Men dei gjer ikkje meir. Kva
skulde dei gjera? Gjeng dei til Stortinge fær dei ei
Lov meir, eller nokre nye Embættsmennar. Skriv dei i
Bladi, — naa; det kann vel vera som ei Hjarteletting
stundom.
Glad er Kraaka. Ho røvar og stel og priser
Nord-mennane og Stortinge av Hjartans Grunn; hurra, hurra,
hurra, segjer Kraaka. Og ho liver godt. Ho vert feit
og stor, og økslar seg og vert mangfeld paa Jordi.
Kraaka er det einaste Fugleslage som er i Framgang no;
og stygg og stor-étande og praktisk som ho er høver
163
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>