- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
166

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa ein Soldag. Og sjølve Heimen er det no som breider
seg ut fram fyri meg.

Ned um Tunheim og Tjensvoll ber det. So ut
Tjens-vollbakken. Og yvi Tjensvollbekken og upp-i Risabakken

— vaar, var. Rett sud av Heimegarden ligg han, med
sitt Lauvgjerde nedst av Hatle-Pomnar og Osp. Prydt
seg hev han i Dag med sin venaste Blom: lit-linn,
fløyels-fin Kusomar; han hev visst at det kom langframande.

Aalvor sig paa meg. Stilt gjeng eg millom Runnar og
hjartevene Blomar og lette, bivrande Ospekronur og
kjenner meg att, kjenner meg att. Er for kvart Stig
meir heime. Her var det gildt daa me var smaae aa
hente Blomar og Bær. Og um Vaaren naar me skar
Pors. Og sidan, naar eg var med og slog um Sumaren.
Dette fine sterke Vallhøye som daama so godt og friskt,

— aa, som eg minnest det. Inn-yvi, paa høgre Handi,
hev eg «Grovene», der me stundom skar Torv; og so
Foren; og burtan- og ovanum den Garborg, som breider
seg so inderleg ven og grøn med Engir og Tre ned-yvi
mot Sud og Sol fraa den trygge breide Aasen. Berre
det var Skog ut-yvi desse svarte Træo!

Denne kryddefriske Daamen av Utslaatte-Voll gjev
meg Hug paa Gardsarbeid att. Gjev eg hadde ein Ljaa.
Tenk, den som kunde vera med og slaa i Sumar! Og
vera med i Høye paa knakande Høyvérsdagar! Eg
hugsar so vel den Tidi eg var med. Det vert med ein Gong
so stutt sidan. Det maa ha vori ifjor.

Eg finn meg ein Stein attunder ein Hatlerunne upp i
Bakken millom Mikkjelsbérstuvur og Hønsebérblom og
sét meg. No sit eg paa Fedra Grunn. Rett fram fyri
meg ligg Fedraheimen.

Det m a a ha vori ifjor. Eg kann ikkje ha vori lengi

Træo: plur. av træ(d)e, n.: Bu-Veg aat Utmarki. (Gjeng
her gjenom rett lange og breide Lyngmarkteigar.)

166

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free