- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
167

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

burte. Eg hugsar so vel all Ting. Det er so det livnar
og vaknar kvar eg skygner.

Slaatten var strid. Det var upp Klokka tri um
Morgonen, med’ Doggi var god; og so slaa so lengi det beit
nokorlunde. Til Klokka tie og so. Daa var det «Matti»
(Mat-Tid); og so kvilde me. Og so ut att. Var det
Høy-Vér, so gjekk det paa Spreng. Men so var det og
Sumar. Rett Sümar hev eg ikkje havt sidan. Utan i
Kolbotnen. D’er Helvite og ingin Sümar aa liggje og sveite
og halv-svimre og slaast med Flugur og My som me
gjer i Byen.

Ja Slaatten var gild, so strid han var. Fyrst slog me
Vodlarbröde og Kvednhusmyri. So Risabakkjen og
Foren. Foren var den seigaste; han var so stor. I turre
Sumrar gjekk det godt; han var lett aa slaa um han var
noko tuvut. Men i vaate Aar var det vrangt. Myrblautt
og ufysi var det all Stad; og Flaumar gjekk; den eine
etter den andre. Daa laag Garborg-Förane som ein Sjø;
og Høye flaut av, eller vart utbløytt og utskjemt. Og
Sand og Grus dreiv inn-yvi Slaattune all Stad. No er
dei aat og grev beinare og djupare Rennur aat alt dette
Vatne som kjem rennande fraa Bakkane i Sud og Aust,
og som dei gamle smaae Förane ikkje alltid greidde;
naar det er gjort vert desse vide fine För-Slettune
nedunder Garborgaasen noko med det beste
Dyrknings-lande paa Jæren.1

Fraa Fåren glid Augo mine upp-etter Aasen med dei
vene grøne «Hagane» og Aakrane i Sud og Aust, og
Berghelleren og «Pigjen» øvst uppe. Midveges paa Lag,
tett attunder Aashøgdi ,og med den til Live mot
Hav-Vindane fraa Vest og Nordvest, ligg Garborgshusi.

Bröd (Bröt): bråt Bakke. — Live: Ly.

1 Förane er uppdyrka no. Storfin Eng og Aaker.

(Merknad 1909.)

167

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free