Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vist fram paa Møte og Missjonsmiddagar all Stad. Eg
veit ikkje um han lika det. Men han var den einaste
Sjæli som Sulumissjonen hadde frelst; Moses var sjølve
den norsk-suluske Kyrkja. Det var daa rimelegt nok
at dei som hadde frelst Moses vilde sjaa ’n.
Eg hadde ikkje vori med og frelst Moses; men eg fekk
sjaa ’n likevel. Paa Sandnes-Strandi; upp-i ein Gigg
som stod der og venta; det hadde vel nettupp vori
Mis-sjonsmøte. Han var ikkje verst svart. Snarare var han
brun; um Lag som brend Kaffi. Men det var visst ikkje
berre Kaffi- Liten som gjorde at Kvinnfolki saag so paa
’n. Ikkje trur eg det var dei fine kvite engelske
Sümar-klædi heller; — ja for Moses gjekk klædd no. Han var
i det heile kristin utanpaa som me alle andre, um han
no alltid var finare klædd enn me, og langt-ifraa saag
so syndet yng ut som ein frelst Jærbu. Nei; det som
drog so mange Augo, og serleg Kvende-Augi, det var
vel det at Moses var ein staut Kar. Storstaut; høg og
rak og mjuk og lett — eit Grand holdig, lat gaa, no daa
han livde so godt —; ei rein Cirkuskjempe var han.
Og snild saag han ut; Andlite lyste og lo og heiltupj
glein under den ljosgraae Flosshatten. Mest gaadde eg
Nosi, den breide blanke Nosi; og so Munnen, lippemykin
og mjuk, med blaakvite Tennar som lyse. Aa, all denne
heite Kraft! Afrikanskt straala dei brunblanke Augo:
og dei rulla og glima og glodde, mest etter desse unge
norske Kvendi som stod her og saag paa ’n; for hans
Augo hev dei vel vori noko kaldbleike; d’er eit
Spurs-maal um han hadde kinina styre seg so godt, um han
hadde vori millom sine eigne solvarme Sulukvende.
Men Gjentune saag paa Moses med so blanke Augo at
eg tenkte: dei tok ’n gjerne, um dei fekk ’n! Men so
hugsa eg at der var Fleirgifte i Sululand. Paa Lag som
lippemykin: med digre Lippur.
195
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>