Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og smaatt um Senn hev Bana löti hjelpt fram
Gagns-arbeid med. Soleis litegrand Verksdrift, som
Ullvare-verke paa Bryne. Og sjølve Bonden hev lært aa gjera
seg Gagn av Sjøvondtbana. Ei Mjølkedrift er i Uppgang
som Jønnvegen hev Æra for. Paa andre Maatar vert
han au til Hjelp for Jordbruke. Vel er norske Jønnvegar
fine. Og her vert det mill. a. Tale um Myk-Køyring;
for til Jordbruk vil der Hævd. Men fine Mundurar og
Myk høver lite ihop, veit du. Likevel lagar det seg.
Bonden fær leige Vognir til Hævdkøyring naar han sjølv
lesser paa og av, fortel dei meg.
Me norske hev vel elles ikkje rett lært aa drive
Jønnvegar enno. D’er berre «Hovudbana» som gjev noko av
seg som er nemnande. Sjølve Drammensbana dryp det
inkje Feitt av, med all Ferdsla der, og med all den
«billege» Smalsporingi. Eg gløymer ikkje kor arg han var,"
den eine av dei amerikanske Brørane mine,
Bankmannen, daa han var heime her eit Aar og køyrde paa
Jønn-vegane vaare; han undrast svært paa Stelle der.
Stations var det i kvar Bygd, um so Bygdi ikkje var stort
større enn S t ä t i o n’ en; og paa Tramen ved kvar
Jønnvegsgard stod det tri til fire staselege
mundur-klædde Karar i Vegen for kvarandre, so ingin av deim
fekk gjort noko. I Amerika hadde ein Mann greidt heile
den vesle Expedition tri Gongir so fort, so Tramway’en
hadde vori ferdug fyrr han her fekk stana skikkeleg.
Eg trøysta Bror min med, at Riksdrift alltid vert dyrare
enn Einskild-Drift; men han høyrde kje paa dette. Me
var i det heile svært raadlause her til Lands, totte han.
Eg meinte at me fekk trøyste oss med Framtidsvonir
her som i so mykje anna.
Det vert Mjølkedrift som kjem til aa arbeide seg fyrst
fram her, eller «Meieribedriften» paa Agronom-Norskt.
löti: av ljota (vera nøydd til).
204
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>