Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det er det gamle Sandnes eg helst vil sjaa, Sandnes
fraa mi Tid. Eg tek daa Vegen nord-yvi. Og snart
kjenner eg kvart Hus. Fyrst og fremst Panneverki. For her
er mange no. Det «gamle Verke» — grunnlagt ikr. Aar
1800 av Tjøl (o: Tjodolv) Trones, «han Tjøl paa Verke»,
etter Tilraad av Hans Nielsen Hauge — kjem mest burt
i Flokken. Men det hev vorti for mange; süme stend
no. Det gjeng so i Norig: kjem ein god Tanke upp, so
kastar alle seg paa ’n til dess dei drep ’n. Eg undrast
med meg sjølv so tidt: naar tru me norske skal lære den
heilage Reknekunst. Eller lære den endaa meir heilage
Kunst aa slaa oss saman. Paa Aasland i Thimesokno
hadde me au eit Panneverk; det vart grunnlagt ikring
1830. Men Aaslandsmennane — det nye Aaslandsfolke
som kom inn med han Kristofer Vittaland or
Ogna-Sokni — dreiv Verke i Samlag; og so gjekk baade Verke
og dei sjølve fram. Men paa Sandnes «liver
Konkurransen».
Handverkarar er her mange av, men endaa fleire
Handlarar, som vanlegt i ein norsk By. Mindre hev det
vori med Mat-Hus og Drykkjehus; men no, daa
Jønn-vegen er komin, hev Sandnes fengi baade «Hotel» og
«Kafé»; so no kann dei «vise seg». Ikkje so lite
Skips-ferd hev her vorti; Eimbaatar er her og. Fraa
Oftedals-tidi er her sjølvsagt minst eit Salem, eller Bethel eller
kva det heiter helst; jødisk maa det vera.
Fleire gamle Krambuir kjenner eg att; og det maa eg
fortelja; for det er sjeldsynt i Norig at ei Krambu held
seg so lengi som ein Mannsalder. Ikkje minst kjenner
eg att den vesle Bui hans Annfinn; mang ein Gong gav
eg der min einaste Halvskjeling ut for eit Par
«Kransar». Der er den Kjellaren, der eg var Mjølkehandlar ei
Tid; han Far sende meg stundom til Sandnes med
Kransar: noko søtt Bakverk.
206
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>