Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Live av deg ifjor —, no hev du kje lengi att aa staake
og styre. Eg kann ikkje halde nokor Tale for deg; men
gjev du kunde faa verksett um det var aldri so lite av
alt det gode du lova oss; og gjev i alle Fall at
Ettermannen din maa verte likso glup til aa fullføre som du
hev vori til aa drøyme — og til aa misfreiste!
*
Eg helsa paa Thime-Kyrkja igaar.
Der hev eg mangt aa minnast. Men det siste eg fekk
aa minnast ved Heimekyrkja mi, det var tungt; og det
skræmde meg. Sidan hev eg ikkje lika meg her; eg
skunda meg, naar det hende at eg skulde framum det
Kyrkjelede.
Ein einaste Gong hev eg vori inni Kyrkja i seinare
Aar; og Kyrkja var heimsleg som fyrr. Det nye som
var komi — ei Orge som Kyrkja hev fengi av eit gamalt
Soknebarn — gjorde det berre meir heimslegt der inne.
Likevel kjende eg meg ikkje i Lag. Eg saag liksom
ikkje rett noko anna enn ein naableik Mann med eit
ramsvart Haar, — ein Mann som fyrr kvar Sundag sat
der uppe i Medhjelparstolen, og som no, for mine Augo,
liksom sat der enno.
Igaar støvde eg ved Kyrkje-Lede; der vart eg
standande ei god Stund. Eg saag paa Kyrkja, og saag
ikkje paa Kyrkja. Ho er den ho var; det hev berre
komi nytt Tak eller ny Topp paa Taarne. Kyrkja er ikkje
gamal. Ho er fraa 1859; eg hugsar daa ho vart bygd.
Like eins hugsar eg Aare fyrr, daa den gamle brann;
ho var elles ikkje eldre enn fraa 1829; Aarstali hev eg
fraa Mauland. Men at Kyrkja fraa 1829 brann var ei
Guds Refsing og ein Domedag yvi Bygdi; det kjende
misfreiste: gjøre mislykkede Forsøg. — støvde:
= stødve (stana).
209
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0211.html