- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
210

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folke tydeleg. Um Refsingi hjelpte maa eg segja eg
ikkje veit.

Dei ser ikkje rike ut, Kyrkjune paa Jæren. Hev vel
aldri vori rike heller. Og aatte dei noko ein Gong, so
hev dei danske «Reformations »-Kyrk jerøvarane vori ute
her med, og teki det som var aa taka. Jærbuen hev
funni seg i dette med vanleg Ro. Naar det var Kongen
som plundra Kyrkja, so var det Gud som plundra
Kyrkja; og so fekk me Syndarar halde vaar Munn. Eg skal
elles ikkje fortelja deg um den norske «Kyrkje-Umboti»;
den hev du sjølv fengi fram i «Norigs Soga», so at den
som les, han hugsar det.

Thimekyrkja fraa 1859 er som den fraa 1829 ei
vanleg jærsk Laavekyrkje: ein høg, lang bordklædd
Timber-bygnad med eit vel so høgt bordklædt Timbertaarn i den
vestre Enden. Dette Taarne, den einaste Prydnaden ei
Jærbukyrkje hev1, var i Fyrstningi berre fire Treveggir
med eit Lok paa; midt paa dette Loke stod ein Kross.
No hev Take vorti til eit Spir; ein rik
Stavanger-Kaup-mann, Thimebue fraa fyrste Tid, hev kosta dette
Spire.

Det skal elles ikkje vera so urimeleg lengi sidan der
var Kyrkjebyggjekunst paa Jæren med. Eivind
Hognestad hev eit Par Fjølir av noko Prydverk fraa den
gamle Bø-Kyrkja, og like eins ei Fjøl av Thimekyrkja
fraa same Tidbolken: desse Fjøline fortél um
Byggje-kunsten fyri den danske Kyrkje-Plundringi. Men
Jærbuen hev ikkje brytt seg um aa halde paa sovori. Og
Prestane endaa mindre, veit eg. Kunst var katolsk,
maa-tru.

Eg kliv yvi Gjerde og inn paa Kyrkjegarden. Tek meg
ei Ferd rundt Kyrkja. Minne av ymist Slag kjem; her

1 Den nye Varhaugs-Kyrkja som dei sét upp no er bygd
etter ein nyare Maate. (Merknad 1904.)

210

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free