Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Nokre Dagar etter.
–Mest framand kjenner eg meg her, der eg skulde
vera heime.
Eg kjenner ikkje Folke; og det kjenner ikkje meg.
Raakar eg det stundom, knotar det. Det hev fengi
Jønn-veg no, og maa vera kultivert. Og ser dei denne
Aad—-Arne Garborg skal vera, han som hev vori so lengi og
so langt ute i den vide store Verdi, so vert dei serskilt
framande, og kostar paa seg sine aira gildaste Knode-Ord.
Eg skundar meg av upp i Undheimsmarki og gøymer
meg; her er eg daa paa min eigin Grunn. So læt eg att
Døri og legg i Omnen. Brenne Torv, lukte Torv: det er
som ei Trøyst. Helst naar det ute er svart og regnlegt.
Daa fær eg ei Minning av det som me kalla Heim fyrr
i Verdi.
Og eg gjeng att og fram paa dette Golve som er mitt,
og kviskrar for meg sjølv det Orde som kjem for meg
jamt: heimlaus, heimlaus, heimlaus. Gud vere Lov at eg
hev funni meg ei Kraa som eg kann koma burt i.
— Heimlaus; det er nok ikkje eg som er heimlaus.
Det er Folke. Og Lande, stakkar, det er ikkje anna enn
slik ei Turisthytte ...
Det er vel so med alt paa denne Jordi, at det tek seg
best ut eit Stykke ifraa. So er det med Barndomen au.
Daa visst med min Barndom.
Sogo um Heimgarden min kann eg ikkje skrive; det
vere sagt med Skam. Det var ei Tid at eg rota og grov
i gamle Brev som eg fann i Skatole hans Far, og gjenom
deim fylgde Ætti eit godt Stykke upp-igjenom, so eg
fekk vita Namn og Aarstal, um ikkje meir. Han
Tor-keil Mauland, Grannen og Kjenningen og Læraren
min, var det vel som hadde sett meg paa dette; me plar
setja ein paa noko: gjeva ’n «Idéen».
215
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>