Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Som sagt er: det nye Hundradaare smakar som det
gamle. Ingin Ting nytt er aa lugte eller sjaa. Folk er so
rolege at du kann loppe deim. Berre me fær dette «19»
inn i Pennen, vil ingin hugse at det hev vorti «ny Tid».
Eit Aarhundrad er eit Ord som alt anna. Kvar
Jord-bolk hev sine Hundradaar. Det er Reknemaaten og ulike
Milelengdir. Til dess Verdi kjem so langt at ho fær sams
Tid-Rekning; daa vil ho for Aalvor byrja med Aar 1.
Sogo hev si eigi Tidrekning, den. Sist heldt ho
Hun-dradaarsskifte jamvel i slikt eit Odde-Aar som 1789.
Me kan vera rolege; Tid-Skifti kjem naar dei vert
mogne.
Eit stort Aarhundrad var det nittande med alt sitt
Braak, i sine Ting større enn noko av dei andre me hev
Greide paa. Mykje hev det lært oss; det vart i det heile
ei Granskings-Tid. Med Gjenomsyn og Reinsking av
mykje gamalt; med Grunnleggjing og Fyribuing av
ymist nytt. Mykje vil vekse etter det som daa vart saatt
eller sett. Men inginting vart ferdugt. Me kjenner paa
oss, med ei Kjensle som er Visse, at Verdi held paa aa
vende seg; ho vil svinge so snart ho finn Leidi.
Langt fram er det visst. Til Fred som til Rett og
Fridom. Men Vegen gjeng gjenom Ufred, Urett, Tvang.
Langt er det fram, og lengst til den store Arbeidsgleda.
Men ho kjem. Me ser det meir og meir; so halvt og
uferdugt og utrygt som alt er no, so er det ei Verd i
Velting.
Mange rister paa Hovude og gjer kloke Spursmaal. Er
her annan Framgang enn Framgangen mot Undergang?
— Ingin veit noko. Og Ord nyttar det ikkje aa slaast
um. So lengi her er Knutar aa løyse, so lenge gjeng
Livsens Spél.
Gjev det maatte glide fram-yvi!
odde, om Tal; «ulige».
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>