Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men eg maa fortelja deg kva eg heiter. Eg heiter
ikkje Arne. Aadne er eg døypt, etter Farfar min. Og
Aadne Undheim skulde daa no vera mitt rette Namn.
Men i Ungdoms Aar lærde eg av P. A. Munch, at
Aadne ikkje var noko Namn; det skulde berre vera ei
Forvending av Arne, eller kannhende av Oddne, endaa
dette siste var ukjent. No visste eg at P. A. Munch var
allvitande. Og daa han ikkje trudde paa Oddne, og daa
eg dertil skulde hava A til Fyristav (å vart i Dansketidi
gløymd), so tok eg til aa skrive meg Arne sidan. Og til
Artium (1875) fekk eg denne «Skrivemaaten» godkjend
av Høgskuleraade, Collegium academicum.
Ivar Aasen sagde meg sidan, at P. A. Munch knapt
hadde Rett her. Og av Torkell Mauland høyrer eg, at
Aadne og Arne hev vori i Bruk jamsides paa Jæren mest
alt ud til vaar Tid1. Aadne hev eg og sidan funni andre
Stadir, t. D. i Valdris. So det er nok eit Namn det med.
Og inn Arne sjølvsagt er godt nok, so er det ikkje mitt,
og høyrer ikkje til i Ætti. No fær det vel stande, til
boklegt og rettslegt Bruk; eg er so gamall at det vert
for mykje Braak med nytt Namneskifte. Millom
Kjenningar, og serleg her heime, vilde eg likevel helst hava
mitt rette Namn. Men no er alle fine og segjer Arne.
All Synd skal si Refsing hava, veit du.
Garborg kann eg etter nyare Skikk kalle meg. Men
der er eit men her og.
Der bur fem Mann paa Garborg. Fem Mann med kvar
si Ætt. Gjeng det etter gamalt, kann eg rekne med eit
1 Professor Sæland fortel meg fraa Island, at Arne der
etter gamalt vert skrivi Arni og sagt Aodni. Etter dette er
Aadne ei rett gamall — i alle Fall vestlands- — norsk Uttale
av Namne: «Arne» vert Mistyding av den gamle
Skrivemaaten. (Eller ei eldre Form som süme Stadir hev haldi
seg?)
217
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>