Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rundt Tal 10 Born paa kvar Mann. Det er 50 nye Mann
i kvar Ættled. Alle desse 50 i kvar Ættled hev daa like
god Rett til Garborgnamne. 50 Garborg’ar i kvar Led.
Det vert mange det, endaa um 20 av Hundra fér til
Amerika. Og 5 skilde Ættir med same Ætte-Namne ...
Det Aare eg sat ned-paa Ytre-Salte og skreiv «Fred»,
var eg inn-um paa Indre-Salte hjaa ’enna B e k k a.
Rebekka skrivst det; ho er Dotter hans Tønes Garborg
og uppkalla etter ei som heite Rannveig. Me var
jamgamle, og gode Kjenningar; no er ho gift der paa Salte.
Eg vart vel fagna, og bedin inn i Buo. Og Buo var vel
stelt. Det er Velstands Folk; og dei veit godt korleis det
skal vera. Eit rundt Bord stod etter Byskikk midt paa
Golve; og midt paa Borde stod eit Uppstell (Aufsatz)
fullt med Helsingskort. Eg vart verande der inne aaleine
ei Stund; gav meg so til aa sjaa paa desse Korti. Der var
ymse Namn. Men med Namne «Garborg» var der so
mange at det tok til aa svimre for meg. Og eg tenkte:
dette ser ut! Det er ikkje ei Ætt, det er ein Nasjon som
kann skrive seg Garborg ...
Kva skal ein gjera? Var det ikkje best aa taka upp
att den gamle Maaten? So kvar Mann hadde sitt Namn,
og dertil Farsnamne? Som Erling Skjalgsson, t. D., um
eg skal halde meg paa Storsida. Eller Olav Haraldsson;
Inge Baardsson. Fall det seg so at der var eit serlegt
Kjennemerke, so kunde ein taka det med: Erling
Skakke; Harald Haarfagre; Harald Grendske; Aadne
Maalstrævar...
Du som er lærd fær tenkje paa det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>