Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
undrast eg paa, so lengi eg hadde ’n. Folk hev vel vori
gladare av seg fyrr enn dei er no, med meir av den
Barnehugen som hev Lovnad um Himilrike.
*
«Aandslive» vaknar seint i slik ein litin Krok. I
Fyst-ningi er alt Bilæte. Og Bilæti er ljose og lette og
kvervande. Snart kveikte og snart sløkte. Der er fraa desse
fyrste Aari berre ein og annan Smaating eg minnest;
og nokon Grunn til at eg minnest den framum so mange
andre kann eg ikkje skyna der er.
Ein Gong er eg komin ut-paa ein Veg der eg aldri fyrr
hev vori. Eg gjeng og gjeng og vil sjaa kvar denne
Vegen ber av. So kjem eg gjenom ein framand Gard;
og i Døri der ser eg eit stort Kvende med eit skinande
kvitt Forklæde paa seg. Henne vert eg rædd; stend og
stirer paa henne ei Stund; kor det sidan gjekk hugsar eg
ikkje. Ein annan Gong er eg ute paa Vollen vaar; der
driv dei paa og tek upp. So smell det eit Mineskot. Eg
skvett, græt, skundar meg heim. Ein Dag er Gjenta med
Foren og vaskar Klæde. Eg er med, og ligg og krabbar
paa Steinane i Aabreddi. Glid so ut og ned-i ein liten
Hyl; der vert eg liggjande. Og Ukar meg godt der. Ligg
og glor upp i den blaae Lufti; er stundom inn-i noko
som mest kann vera ein Skog. Langt um lengi vaknar
eg i Fange paa Gjenta; ho gjeng og ber meg i Stakken
sin; er paa Heimvegen med meg; trur eg er blivin. Men
eg hadde det berre godt. Eg skulde nok ikkje sleppe so
lett ifraa Leiken1.
Her og der kann det vera slik ein liten Glytt; det er
1 Nytta i den vesle Sogo «Døy», saman med andre i
Grunn-dragi sjølvrøynde Tilfelle.
221
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0223.html