Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde aldri komi paa at det skulde vera han Farfar
dette, naar dei ikkje hadde sagt meg det1.
Likferdi hugsar eg ikkje. Dei hev vel haldi meg ute,
so det kunde vera stilt. Men eitkvart maa eg ha sét
eller høyrt endaa. For sidan heldt eg ofte Likferd yvi
han Farfar. Og «song ’n ut», til dess eg sant aa segja
hadde songi ’n ut or Minne mitt.
Men han kom heller attfor meg sidan.
*
Med Barndomen er det paa Lag som me segjer um
Æva: der er ikkje Tid. Det er det at der ikkje er
Samanheng. Der er Liv, Skifting, Bilæte. Men der er ingin
Traad som held Bilæti ihop; kvart Tilfelle tek oss so
heilt at Samanhenge slitnar. Tanken um fast
Fylgje-Samanheng eller «Tid» fær me ikkje klaar for oss fyrr
lenger utetter.
Barndomen hev i det heile mange Vanskar; og sume
av deim veks no for Tidi. Soleis det at her er so faae
som kann tala med Born, eller fortelja for deim. Me er
for lite Born sjølve, déi fleste av oss. So hev me au
fengi denne kloke «Folkeskulen» (skulde paa norskt
hava til Motsetning «Feskulen», eller eitkvart sovori).
Der maa Borni sitja og høyre paa tysk Teologi og anna
djupt som dei aldri fær Greide paa.
Denne «Folkeskulen» gjer vel au mykje til, at det
vert so lite Samliv millom Borni og det andre
Heime-folke. Skulen talar so mykje annarleis med Borni enn
Heimefolke kann. Og det hev vorti so mykje Andsvar
1 Som Ættelista viser var han Farfar av den gamle
Gar-borgætti, endaa han var fødd paa (Søra)-Grøteim i
Nærbø-Sokni. Denne Garden hev ein Gong havt det stolte Namne
Grjötheim; han ligg daa ög i ei Stein-Urd (liksom
Nøra-Grjötheim). Mauland meiner me fær skrive Grøteim no; paa
Jæren segjer me, Skam aa fortelja det, Grødei.
223
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0225.html