Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Av ei som vart mykje songi i mine seinare Aar
hugsar eg berre det som vel var Hovudsaki:
«hendes I—ndtægter om Aaret
et hundrede tusinde var ...»
Folkedikting var det i det heile lite att av2. Sæl var
eg, at eg i dei siste Barndomsaari raaka «Veslemøy»;
ho var fraa det som endaa var att av det gamle Jæren;
og ho fortalde so godt som ein berré fortél, naar ein
sjølv av Hjarta trur paa det ein fortél um.
*
Det var i siste Slutten av Gamletidi paa Jæren at eg
kom til. Det er skamelegt lite eg veit um det gamle.
Men endaa kann eg nemne noko som for Ungdomen
no vil vera nytt: at me hadde so mykje Handverksfolk
fyrr paa Jæren. Paa sjølve Lande, beint ut sagt.
Folke kunde i det heile mykje fyrr. Liksom kvar
Mann t. D. var sin eigin Slagtar, var han au mykje sin
eigin Skinnty-Makar, Barkar (Garvar), Skomakar,
Laggar («Bødtker»), Snikkar, Smed. Kvendi var ikkje verre;
mest paa kvar Gard var Kona, umframt Husstyrar,
Fjosmeistar og Kokke, dertil Vevar, Fargar og meir
eller mindre Saumar eller Skræddar. Byggmeistrar,
Murarar, Maalarar, Fin-Snikkrar og Fin-Smedir var her
au, so Lande greidde seg. Ja me hadde Handverkarar
av alle Slag, like upp til Gullsmedir. Som Gullsmeden
paa Gudmest(ad), han Per. Ingjebrett Mossige som eg
fyrr hev nemnt var like eins Gullsmed, umframt
Gardmann og Lensmann og Stortingsmann. Ikkje mindre til
Gullsmed var Far hans, han Sveidn («Svend») Mossige
(1780—1835), ein framifraa Mann i det heile, og enno
ikkje gløymd; han hev vori reint som ein Hovding i
2 Smlkn. Oluf A. Løwold: «Fra Jæderen»; Stvgr. 1888.
225
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0227.html