Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg kom paa Skulen i 6-Aars Alderen, tenkjer eg, og
greidde meg der paa ei Vis, og totte det stod godt til.
Det var Umgangsskule, maa tru; me var som Gjestir
hjaa Kjendsfolk. Hadde det haldi paa med det, so Gud
veit; kannhende hadde eg seti paa Garborg enno.
Det var ikkje berre Bøkane og Blekkhusi paa Skulen
daa, og dertil ein danskande Skulemeistar; det var heime
og Sundag og Gjestelag. Der var alltid vel stelt hjaa
Folk, naar dei hadde Skulen hjaa seg, og me totte me
hadde det godt naar me satt der og bala kvar med sitt
uppetter det lange Borde.
Det var mindre Boki som raadde i dei Tidir.
Meiningi var den same daa som no: me skulde lære det
4de Bod og samstundes lære aa vanvyrde Heimeskikk
og Fedramaal. Men dei orka ikkje aa gjenomføre denne
Tanken heilt endaa. Boki var for det ho var; me skulde
lære ho; men stort meir vart det ikkje. Ingin venta at
me skulde skyna ho; vaar naturlege Forstand var «ved
Synden formørket». Me fekk lære aa lesa, og lære
Lek-sune; kunde me svara paa det Skulemeistaren spurde
um, var det godt; me laut hava Greide paa so mykje som
Raad var til Konfirmasjonen. Men elles fekk det gaa
som det kunde. Og der var so mykje arma i Skulen som
var gildt. Aa leike i Lag; aa samrødast; aa høyre og
fortelja nytt, og Sogur um gamalt rart; aa faa Greide
paa slikt som høyrde til Folkskikk og vitug Framferd, i
det heile aa lære av kvarandre endaa me ikkje sjølve
visste um det, — det var den rette Skulen. I
Fristundine lærde me mest.
Av Bøkane fraa den Tid hugsar eg lite anna enn
Bokstavane. Der var ikkje noko elles som eg serskilt lagde
Merke til. Og so lika eg aa høyre at eg var glup til aa
lesa. Daa eg kom so langt at eg kunde lesa bakvendt
var eg stornøgd reint. Eg vart ein Meistar daa; heilt-upp
227
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>