Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein Speid’l. Ud laks ekki evah edemmerf redug rof gim;
det skulde ingin ha høyrt slikt! Dei sanka seg um meg
i Flokkar. Og høyrde, og undrast, og lo. Det var løje
elles det som stod i Boki; men dette var no reint burt-i
Veggine. Aa du, aa du so snodigt!
Me smaae sat nedst ved Borde med Staveboki eller
«Kakkjesboki» og stelte oss sjølve for det meste, endaa
Skulemeistaren, han Byrge Løgje, saag etter oss rett
som de var. Og hjelpte oss. Det var ein greid Kar, han
Byrge, og snild, endaa han kunde vera kvass med; og
eit serskilt godt Lag hadde han med oss smaae. Men
med dei store var det mest Arbeid, veit du; den skulde
baade lesa og rekne og skrive, og hadde dertil Leksur i
baade Forklaring og Bibelhistori. Ja kvar sine Leksur
hadde dei, so det var ikkje greidt. Og naar han spurde
eller kattekisera og lagde ut, so maatte han tala
Gudsord liksom Presten. Oss smaae skula han naar han
fekk Stundin’ for dei store; og mot oss var han som eit
anna snildt og klokt Bygdemenneskje. Ja han tala so
me skyna det jamvel naar han høyrde Leksur.
Fristundine, eller naar me «slapp», var like gilde um
dei ikkje heitte «Frikvarter». So snart Skulematen var
greidd, var det ut og «gjera gildt»; og daa vart det Liv.
Og so mykje snodigt og løje og stundom vaaglegt som
det vart paafunni, helst av Galningane millom dei store.
Det var i Skulen um Lag som heime naar me hadde
Framande; det var berre det at her var me so mange
fleire, so her vart so mykje meir snodigt funni paa. Og
dermed so mykje meir aa lære. Ikkje berre av Leik.
Kvar kom fraa sitt Folk og hadde kvar sitt aa bera
Speid’l: Spegil. — «Gudsord» vart brüka um mest
alt lesande i den fyrste Tidi eg minnest; Testamente,
Salme-boki og Tekstboki var nok-so-nær det einaste boklege,
van-legt Folk kjende til. gjera gi 1 d t: leike.
228
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>