- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
241

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og syng; daa vaagar kje Satan seg innpaa meg. Eg er
trygg og glad som eit Barn i Fange aat Far sin; me er
frelste, Eivind! Me skal til Himilen! Ingin kann taka
Gleda vaar fraa oss; men so skal me og vera glade.
Me skal leika og kveda, kveda aandelege Lovsongar; me
skal jubla; me skal jubla, Eivind!» — Han Far smilte.
Me skulde vel helst dyrke Gud i Arbeide vaart, meinte
han. Og heller «jubla» i vaare Bønestundir.

Fleire og fleire var det i dei Tidine som tok til aa
tenkje paa «Sjæli» si. Herren kunde koma
naarsomhelst; og daa vilde det vera vondt um me ikkje var
budde. All Stad var det Preikarar aa høyre, sume av
Hauge-Slage — desse fekk etterkvart tala heime hjaa
oss med —, andre, serleg By-Handverkarar og slikt,
med serskilde Smaabrigde i Trui eller Talemaaten. Eg
kom til aa høyre ymist av dette; men di meir eg høyrde,
di mindre brydde eg meg um det. Kannhende var det i
desse Tidir eg fekk den fyrste Tanken um, at ikkje alt
er Sanning som gjev seg ut for det, og at Vaarherre
knapt kann vera andsvarleg for alt som kallar seg
Gudsord. Ser-Lag sanka seg ihop um eitt og anna Smaa-Tull
rett som det var; ein som eg i «Fred» hev kalla Søren
Soma fekk med Domedagsdraumar og ymis Ørsking
skræmt ihop ei heil liti Sekt; gudeleg Rædsle og
Halv-ørske vakna baade her og der: Halvprofetar og
Halv-galningar kapp-preika; Folk vart halvsjuke og heil-øre,
misste Vite og drap seg; det var ei syrgjeleg Tid. Hjelp
var ikkje aa faa; Prestane stod framande i eit framandt
Folk og kunde inginting gjera.

Folke leid vondt; det var fleire enn han Far eg saag
det paa. Eg hugsar ein Bonde her or Sokni; han var
endaa skyld med oss paa Morsida. Det var ein drivande
Mann, og han arbeidde seg upp; Hovude hans var godt
til sitt Bruk, men kunde mindre med det boklege. So

241

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free