- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
243

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg heldt meg sjølv til Jahve i dei Tidine, naar eg
stræva med aa umvende meg.

For eg stræva med dette stundom; og det ikkje so lite
heller.

Hugen til det gode var det vel knapt som dreiv meg.
Sterke Brandskildringar fraa Helvite gjorde meir, og so
dertil Daudeböd, helst slike som kom uventande, eller
nære-fraa, eller liksom med serskild Ærend til meg;
soleis naar Jamnaldringar døydde.

Visst er det: eg «fekk Aalvor for meg» sume Tidir.
Daa lét eg Draumane fara og stræva med aa koma i
Samfund med Gud.

Eg skulde vita Vegen. Han Far las og fortalde um
denne Vegen for oss kvar Sundag; og seinare, daa eg
kom i Skulen att, fekk eg «Saliggjørelsens Orden»
gje-nomgjengin der med, av den eine Skulemeistaren klokare
enn den andre.

Men endaa var Vegen ugreid for meg. Og vart so
verande alltid. Den tridje Artikel var i det heile vrang;
og det um Hugvendingi og «Saliggjørelsens Orden» var
det verste. Eg kunde ikkje lære det forutto dessmeir,
annarleis enn so vidt eg greidde det til den Dagen paa
Skulen daa me skulde «ha det».

Men eg fekk beda, Slike Bønir skulde Gud alltid høyre,
sagde dei. Stundom saag eg au etter i Forklaaringi um
«Saliggjørelsens Orden».

Men Bønine hjelpte ikkje. Eg kunde beda so
aalvor-samt eg vilde; Hjelp kom det ikkje, so vidt som eg
kunde forstaa.

So hugsa eg, at ein laut vera umvend, um ein
skulde kunna beda rett. Kva Raad var her daa? Beda
Gud hjelpe meg beda? Eg freista med det. Men hugsa

forutto: utanbokes, «udenad».

243

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0245.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free