- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
244

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

snart, at ein kunde vel ikkje beda rett um det heller,
fyrr ein var umvend.

Det vart daa ikkje onnor Raad enn at eg fekk springe
yvi Bøni so lengi. Eg fekk tru at Gud vilde hjelpe meg
likevel, naar han saag det var Aalvor med meg. For
han vilde, at me skulde umvende oss og «komme til
Sandheds Erkjendelse».

Men so var det den Servansken, at Anger yvi Syndi
maatte til. Utan den var det ingin Veg aa koma. Eg
stræva svært med Angeren. I «Fred» hev eg fortalt um
Enok Hove og hans Angerstræv; det meste der er teki
fraa meg sjølv. I Grunnen var Ulukka den at eg hadde
synda so reint for lite. Det kunde ikkje verte nokon
skikkeleg Anger av slikt. Skikkeleg Anger var det ikkje
fyrr ein kjende seg den største av alle Syndarar; det
stod i alle Bøkar. Men det gjorde ikkje eg. Eg stræva
alt det eg kunde; leitte upp i Minne alt det galne eg
hadde gjort, sagt, tenkt, havt Hug til, og det vart ikkje
so lite; dreiv det stundom so vidt at eg tenkte det laut
vera Anger, dette-her, endaa eg ikkje merka noko til
Syndegraaten. Bad daa um Tilgjeving det beste eg
kunde. Men kjende ikkje noko som kunde vera Hjelp
eller Svar. Trøysta meg med, at det var vel ikkje alltid
ein kjende det. Ikkje alle var so høgt naada som Luther
og Johan Arndt. Ein fekk tru. Tru at Syndi var tilgjevi,
og so berre drive paa med den nye Livnad.

Eg freista med den. Ein Dag, tvo Dagar, tri Dagar,
og lenger. Det gjekk ikkje verst stundom. Me var
skrøpelege. Men berre me vilde det gode —; det
galdt nok mest um det. Eg bad og heldt paa. Men
Rædsla veikna og Live lokka. Meir og meir gløymde eg
aa beda; mindre og mindre var eg paa Vakt. Klaarare
og klaarare visste eg, at eg var den same som eg hadde
vori.

244

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free