Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men Barndomen er forunderleg. Med all Bljugskapen
min for desse Hugvendings-Tankane, og med alt det at
eg var vortin so framand for han Far, var det til honom
eg ein Gong kom til aa tala um dette Stræve mitt. Tvil
som eg hadde havt, og Spursmaal som var komne i
Vegen for meg, nemnde eg utruleg fritt; hadde i det heile
ei av dei faae gode Samrødune med ’n Far som eg kann
minnast. Han tok det godt upp. Trøysta meg; tala
ro-legt og roande. Det var mange Vanskar, sagde han; eg
skulde ikkje vera rædd. Gud kom i si Tid. Og daa,
meinte han Far, fekk eg lære mangt som eg enno ikkje
skyna. Eg hugsar eg vart forundra yvi at han tok det
so stilt; men det var nok ikkje lenger i dei sterke
Da-gane hans, dette.
Eit anna Møte minnest eg, som eg hadde med ’n Far;
det var eit Par Aar seinare. Eg hadde fengi laant Ibsens
«Brand», og tenkte at fekk han høyre noko av den, so
vilde han faa betre Tankar um «desse
Uppdiktings-bøkane». Det laga seg so vel au, at eg fekk lesa upp
noko av «Brand» for ’n Far. Han sat og høyrde paa meg
ei god Stund. Svært still sat han. Eg tok alt til aa tru
at Slage var vunni. Daa bad han meg slutte. So sat
han og tagde eit Grand. «Nei; eg maa kje høyra paa
sovori,» sagde han. «Det gjeng for mykje inn-paa meg;
det er so eg gløymer... alt anna.» Eit Grand etter
lagde han til: «du maa agta deg du au. So desse Bøkane
ikkje fær for mykje Magt med deg.»
Eg las ikkje meir av «Brand» for ’n Far. Men den
Raadi han hadde gjevi meg fylgde eg ikkje.
Og so kjem det noko som eg ikkje veit Samanheng
med; reint for seg sjølv stend det.
Eg var ferdug med alle «Vekkjingar». Alle Sutir av
det Slage var burte. Dette som Prestane og
Preike-gange innpaa: «angribe»; «gjøre Indtryk».
246
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>