- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
245

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og dette var endaa sistpaa ei Trøyst. For daa kunde
eg vel ikkje med dette Stræve mitt vera komin so langt,
at det hadde vorti til Synd imot Aandi. Smaatt um
Senn gav eg so Stræve upp. Eller gløymde det av. Det
fekk vera med Hugvendingi til eg vart større og hadde
synda meir. So gjekk det vel au betre med Angeren.

Stundom freista eg aa gaa mindre strengt etter Boki.
Det var vel ikkje alle som hadde det like eins. Serleg
med Born var det visst annarleis; stod det ikkje at Guds
Rike høyrde deim til? No galdt vel dette mest um
Smaaborn. Men noko galdt det vel for min Alder med.
No vilde eg berre tenkje paa Vaarherre, og beda, og
alitid vera lydig og snild mot Far og Mor, og greid og
beinsam mot Systken og Kjenningar; so hjelpte Vaarherre
meg etterkvart, skulde eg sjaa.

Eg kunde halde meg uppe i dette nokre Dagar. Og
kunde stundom hava det rett godt. Serleg naar eg fekk
det til med aa vera snild mot Mor og Far, og jamvel mot
Systken. Men det stod aldri lengi paa. Smaatt eller
braatt kom eg ut av mitt gode Lag, og skyna daa straks
at eg ikkje hadde vori umvend. Aa nei; ein slapp nok
ikkje fraa det so lett!

Eg hev gjort ikkje so reint faae slike Tiltak frametter
Aari. Og dei vart meir aalvorsame etterkvart, av di eg
meir og meir ræddast for denne gaatefulle Syndi mot
Anden eller «Forhærdelsen». Men alitid naar eg hadde
stridt ei Stund med aa koma til Gud, dovna det av med
meg att; i Grunnen hadde eg ikkje noko hjaa Gud aa
gjera.

Ingin visste um dette Stræve mitt. Og heller ikkje
maatte nokon vita noko, fyrr eg saag det vart noko av.
Ein Gong etter ei slik Vekkjingsrid kom ho Mor til aa
segja at eg hadde vori so snild no eit Bil; eg vart
skamfull og heit og snudde meg fraa henne.

16 — Garborg VIII.

245

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free