Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Denne Læraren og Kjenningen min hev eg nemnt
fyrr; han er Skulemeistar enno og heiter Torkell
Mauland.
*
Han fortél meg elles at me er Fem-Menningar. Hans
og mi «Tipp-tipp-tipp-tipp–?-Mor,» skriv han, «er
i Skifteboki skrivi «Gitle Knudsdotter» i Staden for
Git-laug Knutsdotter; ho var Mor til Knut Garborg, Far
hans (Eivind og) Olav, Far hans Aadne, Far hans
Eivind, Far din; same Gitlaug Knutsdtr. var like eins Mor
til Gitlaug Risa, Mor hennar Gitlaug Garborg, Mor hans
Svein i Holen, Far til Mor mi; er ikkje dette som det
var skrivi ut or Sogo?» — Det er det visst; endaa for
meg sviv det rundt helst.
Han granskar i det heile gamle jærske Ættelistur i
seinare Tid, og finn, at det paa Jæren er meir
Skyldskap millom Folk enn godt gjer, kannhende. I süme
Ættir ser det daa visst ut til aa ha vorti for mykje av
det; Ættine hev beintfram sjukna burt. Og ymist anna
skralt er her millom Folk som kann hava Samanheng
med dette. Eg for min Part undrast soleis paa, um me
ikkje her hev ein av Traadane til den gudelege
Sjuk-doms-Taatten som i seinare Tid vev seg igjenom so store
Lag av Jærfolke.
D’er ikkje godt aa vita. No, daa Jønnvegin og ymist
anna hev sett sterkare Straumdrag i Tilvære her, og
fengi upp baade meir Utflytjing og meir Innflytjing,
kann me visst vente ei Uppfrisking i alle Tilfelle.
Men kor som er: Fem-Menning med Torkell Mauland
vil eg gjerne vera.
248
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0250.html