Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
VII.
Knudaheio 10. 5. 1901.
Du Steinar!
–-Det kom att baade Skuletid og Kyrkjetid,
som fortalt er i «Fred».
Stridt var det ofte naar eg skulde til Kyrkja; eg hadde
so mykje heime aa stelle med. Men naar eg kom til
Kyrkja gløymde eg dette. Det var gildt aa sitja og sjaa
paa Folke etterkvart som det kom inn; eg kjende dei
fleste, um eg ikkje alltid visste Namni.
Ikkje mindre gildt var det naar Presten kom paa
Stolen. For det høvde seg so vel at eg skyna ikkje Presten
vaar. Han hadde liksom Moses eit tungt Maal, stota
og stama og «tala ikkje reint», so ein skulde vera gløgg
um ein kunde skilja Gudsorde hans. Ingin venta det av
meg. So kunde eg med godt Samvit brüka Augo meir
en Øyro, berre eg sat noko-so-nær still daa.
Og i Kyrkja var der nok aa sjaa etter. Altartavla med
Altare og Blæja var det gildaste; og so var det
Preikestolen; og Prestalemmen med Prestafruo og
Presta-bodno, som var mange og mangeleis laga, süme vaksne
og süme halvvaksne og süme smaae, men byklædde og
fine alle; og Gjentune hadde Hattar paa Lag som
Gutane. Venast var dei minste, totte tg.
Klokkarstolen og Stolane for Medhjelparar og
Skulemeistrar granska eg vel; det kunde hende det var
Framande der, og det stundom fine Framande. Klokkaren
heldt eg serskilt godt Auga med; det var han som styrde
Songen og klædde paa og av Presten, og song og sagde
Amen baade her og der; den fyrste eg saag var
Gamle-klokkaren, han fraa Vestly; so var det Sven Mauland,
den fyrste seminarlærde, og til Slutt Vellesen, som tala
so fint liksom Prestefolke og nokre seinare fekk Læ-
Blæja: Ring-Grindi um Altare.
249
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>