- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
266

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

duger kje for andre enn Embættsmennar og Sakførarar
utan Sakir. Men Eivind held seg til sit Gardsarbeid so
rolegt og trutt, at han fær vel vera i Fred enno ei Stund,
vil eg vone1.

Eg likar meg i det Huse. Dei «gamle» er gilde og
med godt Mod, so stillfarande dei er, og dei unge like
eins; eg vert sjølv modig i Lag med slike Sambygdingar.
Her fær eg au Greide paa mangt og mykje som eg fyrr
hev fylgt lite med i; dei gamle er Jæren fraa mi Tid,
og dei unge er det Jæren som sidan er framvaksi. Soleis
fær eg baade friske upp-att mitt eigi og lære nytt.

Eivind Hognestad er yngre enn eg, men fraa same
Tidbolken. Han gjekk i Skule for Ingjebrett Fosse, som
jamsides Torkell Mauland var min beste Kjenning i dei
fyrste Ungdomsaari; og me minnest ofte han Ingjebrett
Fosse.

Han er daain no. Sterkare enn nokon av oss andre
etter mitt Vit laut han burt fyri oss; det er so eg ikkje
rett trur det.

Eg hev meir aa takke Ingjebrett Fosse fyri enn eg
daa forstod. Det var han som gav meg mest med av
Jæren paa Utferdine mine, av det gamle hugfriske
Jæren som Skular og Lækprestar og Oftedal og Amerika
sidan hev døyvt, so det vil taka Tid fyrr det rett vinn
seg fram att. Ætti hans var fraa Gjesdal, Fjellsokni
øvst i Lye-Gjelde; Far hans var «Lomeland’en paa
Fosse». Men Ingjebrett var Jærbu heilt, og ein av dei
gode; ein av deim som det er faae av no for Tidi, er eg
rædd.

Det var kje noko Braak med ’n Ingjebrett. Han tok

1 Han kom paa Tinge i 1903. Eg fær tru at han endaa
klarar det. (Merknad 1904.)

Merknad 1909: Han klarar det! I Aar hev han sagt
Ting-yrkje fraa seg.

266

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0268.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free