Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eit Par Dagar seinare.
–Eg var halvframand paa Jæren i Ungdomen og
er mest heilframand no; ein og annan Stad tek eg
likevel so smaatt til aa heimvitrast. Soleis paa Hognest(ad),
hjaa han Hans. Eller no fær eg segja hjaa han Eivind.
Hognest’ er ein stor, mangbølt Gard tett nordanum
Foss-Aai, ein snaud Fjordung nord av Garborg. Hans
Hognestad kjenner eg fraa mi fyräte Tid; han var alt
daa ein av dei fremste i Bygdi. Og millom dei fremste
hev han sidan haldi seg, so stillfarande som han er og
alltid var. I Bygd og Herad hev han vori nytta paa all
Vis; han hev endaa vori Ordførar. Men han bad seg fri
for dette Yrkje so snart han kunde faa ein annan vald;
for det var Garden sin han brydde seg mest um. Og
den dreiv han dugleg fram. Garden var nok helst
tung-drivin. Han ligg flatt og fint; men der var so mykje
som maatte or Vegen av baade Vatn og Stein, skulde
der bli Skikk paa det. Og Hans Hognestad fekk god
Skikk paa det, um der elles enno er mangt att aa gjera.
Men i Fristundine lika han aa stelle med Bøkar og
Lesnad. Det er slike Bøndar me maa faa mange av.
Eg hugsar at han Far sette Hans Hognestad
frami-fraa høgt. Og meir enn ein Gong i sine tunge Tidir hev
han søkt og funni Rettleiding hjaa honom.
Sonen, han Eivind, hev sidan drivi Garden endaa meir
fram, so at no er denne Hognestad-Parten ein med dei
aira fremste her ikring. Og Eivind drøymer um aa vinne
lenger. Naar han vert ferdug med Heime-Garden, so er
der epno mykje god Jord som læt seg nytte. Og ung og
sterk og dugande som han er kan han vinne langt. Det
einaste eg er rædd er, at Eivind Hognestad kann koma
paa Thinge. Og aa vera burte fraa sitt Arbeid 8—9
Maanar kvart Aar, som Stortingsmennar no maa, det
heimvitrast: faa Heim vit; verte heimkjend.
265
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>