- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
268

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde vorti so reint framandslegt for han; og til Vaaren
komande vilde og maatte han ut, so sant som daa Hügen
ikkje reint skulde snu seg.

Men Hügen snudde seg. Eivind Hognestad kom i
Arbeidsdag att, og tok paa nytt til aa kjenne seg heime.
No er han ein med dei fremste Jordbrukarane me hev.
Og jordbrukskunnig, so jamvel dei skulelærde tek Hjelp
av hans Umtanke og Røynd. Og endaa hev han ikkje
vori paa annan Jordbruksskule enn den som Far hans
heldt for ’n heime paa Hognest. No skynar han, at der
kann vera meir aa lære gjenom Jordarbeide, og meir
Hugnad i det, enn der vel for det meste vil vera i
Skule-gnag og Kantorstræv.

Dette vil fleire og fleire koma etter, di meir
Ungdomen med heil Hug vaagar seg paa Jordi att.

vn.

Knudaheio 23. 5. 1901.

Du Steinar!

Du skriv um Ordboki.

Ja; det vert nok anna til Basketak enn me tenkte. Det
er fyrste Gongen som kostar, veit du.

Sjølvsagt hev du funni ut, at du ikkje er «Mannen».
Kven Dunderen er Mannen ? Det maa vise seg, naar
Arbeide er gjort. No er du i den Kreppa. So er det kje
anna aa gjera enn aa «putla og grava», til dess du paa
skikkeleg Maate kann koma ut att.

Du er Mannen. Det fyrste Vilkaare for aa greide eit
Arbeid er: aa sjaa Vanskane. Det andre er: sjaa
Vanskane og ikkje gjeva upp. Aa gjera ei Ordbok er vrangt.
Og femtan Gongir vrangare er det aa gjera ei Ordbok
fraa nyom. Aa laga Ordbok yvi eit nytt Skriftmaal vert
alltid «Develskap». Dermed gjer eg mitt Utdrag: Du ser

268

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0270.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free