- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
281

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

framand sat eg der, og stur. Og mest graateferdug;
tenkte berre paa ho Mor og dei andre heim paa
Garborg. Og naar eg kom upp paa det myrke tronge Lofte,
og fekk krabbe meg ned i den vesle framande Sengi,
og var so aaleine som ein burtkomin Fugleunge, daa
kom eg paa Graaten reint. Meir enn ein Kveld laag den
store lange Guten der og grét til han somna.

Men det jamna seg etterkvart. Eg vandest. Og fyrr
eg visste av det, var eg kjend. Det var Kona i Huse eg
fyrst vandest med; ho var so greid og snild; — eg hev
freista aa faa fram eit Bilæte av henne i ei Skildring «I
Heiane». Alltid hadde ho eit huglegt Ord til meg; og
alltid gav ho meg dugeleg Mat med i den gamle svarte
Gjætleskreppa. Eg vart so modig, at naar eg fekk ei
Stund las eg upp for henne or den grøna Bogjo som
eg hadde lurt med meg heimanfraa; der var noko um
Underbuande der, som eg hadde arbeidt meg igjenom
so eg skyna det meste; det las eg upp for henne og
greidde ut; daa smilte den gamle; «ja sjaa der, um det
er kje sant!» sagde ho. Daa vart eg glad og trudde mest
paa det sjølv.

Ho var ikkje lite upp-i Aari; men like frisk og lett
for det. Og paa sin Maate likso ven som Dotteri. Ho
var av desse gode gamle fyrr i Verdi som vart verande
unge mest kor gamle dei vart. Kvendi no hev lesi mykje
meir. Men dei er kje so glade.

Daa eg var vortin heimekjend paa Snörest var det
berre gildt aa gaa og gjæte der inn-i dei tronge
Stein-dalane upp-imot Sikvalands-Kulo. I Grunnen var der
Liv i alle Fjell. Og naar eg for stilt, og ikkje skræmde
dei underbuande, so kunde eg drive pa med mangt til
Tid-Trøyt, dei Stundine Smalen gjekk roleg eller kvilte.
Eg bygde Stogur og Kvernhus. Og leita etter Fisk i
Bekk og Tjørn. Og kleiv i Urd og Ufs og f?>nn Blomar

281

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0283.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free