Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og sov inn-i Fjelli og høyrde oss ikkje so lett; men
høyrde dei oss fyrst —. Eg vart snart for stor til aa
vera rædd; men heilt-upp trygg vart eg aldri.
I 12—13 Aars Alderen vart eg «Heiagjædar» der
uppe; daa var Mode ikkje stort. Men i Fyrstningi hadde
eg ein Gut fraa Thime med meg, og det hjelpte. Eg kom
elles snart etter, at der var andre Ting enn Trollskap,
ein Gjætar kunde vera rædd. Skrubb var her nok ikkje
no lenger. Ikkje Bjørn heller. Men Orm. Og Fant kunde
fara; og Tora kunde slaa ned; og Sauir og Lömb kunde
koma burt; det var nok ikkje beintfram aa vera
Heiagjædar.
Men det kom noko som eg ikkje hadde tenkt, og som
var verre enn alt: eg tok til aa lengte. Her var so
uhug-legt i Fjedlo. Og eg var so aaleine. Og so mangt kunde
hende; og so mykje fælt kunde eg faa sjaa. Hadde
endaa ho Ingeborg, Dotteri paa Snorest, vori heime; ho
var so ven og so snild. Eg hugsa henne fraa fyrr, daa
ho kom med Ber til Garborg: store fine Blaaber,
hjarteleg søte, og blodraude friske Tyteber; ein heil Holk
med slike Ber tok den lette Gjenta paa sin unge Rygg
og dansa med ned yvi Fjell og Heiar som inginting
var; ho Mor skulde hava deim til Huse. Men noko fekk
me Smaafolk med. Og ho smilte so godt til oss, ho
Ingeborg. Og lo, naar me vart svarte um Munnen av
Blaaber. Men no var ho ute og tente visst. Og dei andre
kjende eg so lite; og heim var so langt; ikkje maatte eg
koma heim heller.
Det greidde seg endaa paa ei Vis, so lengi eg var i
Fjelle; Smalen vaar eigin kjende eg i Gjætledrifti, og
hadde liksom serskilt Lag med den. Og helst med dei
kvike smaae Lombi. Um Kveldane var det verre, naar
eg «kom heim», og daa just ikkje var heime. Dei var so
snilde mot meg paa Snorest som dei kunde vera; men
280
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>