- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
284

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er no berre Smalahei. Og høyrer til under Grannen,
kann eg tru. Som Norig paa Lag. Ja, ja. Det gjeng so
med oss Smaafolk.

Eg sit og kviler eit Grand. Ris so og tek Vegen aat
Marki. Vil gange upp-att Gjætarvegen min. Er her ikkje
Folk, fær ein helse paa Trolli.

Upp Træebakken ber det aat Skare. Og gjenom Skare.
Der innanfyri stend Sikvalands-Kulo. Gud have Takk;
den er som ho var.

Høg og breid lyfter ho seg upp yvi alt med sin
fir-kløyvde Kamb og øvst uppe eit Toppverk som samlar
seg til Krune. Øvst paa den ein Varde med ein Kross.
Han lyfter seg mot Sky og varslar yvi Hav: Jæren!

Mine Fjell er dette; eg kjenner deim att so vel. Lange,
sprengde, rundkvelvde byggjer dei seg Høgd yvi Høgd
og Koll yvi Koll, samanbundne med lange lægre Ryggir.
Lyngdalar inn-imillom; og Tjørnir; og Myrflæe.
Stundom Rundingar millom Berg-Armar som store
Troll-Tun. Veldigt hev Mjølnir dundra her. Med Eldingar til
Gneistar fraa Trollskallar som steingjekk.

Stein, Stein, Stein. Krokut og trongt; fyribygt og
stengt; Lyng-Rabbar og Myrflekkir og elles Berg; Stein
yvi alle Botnane; her og der Urdir. Jutullsteinar paa
Ryggir og Berg. Stilt; svævt; burtgløymt. Ein
Stein-heim.

Berre den eine smale lange Dalen paa høgre Handi
attunder Sikvalands-Kulo gjev Minningar um Liv. Og
her ser eg lenger inn-igjenom. Inst inne blaanar dei fine
Fjelli der eg ein Gong hadde Gudeheimen min; dei
liksom glid av inn-i Austhimilen. Enno veit eg ikkje kvar
desse Fjelli høyrer til eller grensar av. Lov og Pris for
det. So stend dei trygge der i Blaadagen sin som ei
Vakt, og stengjer for det endaa blaaare og ljosare som
eg ikkje kjenner.

284

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0286.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free