- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
314

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kvart som dei tvo Halvfolki vert eit heilt, samlar seg
um ei norsk Maalform, finn kvarandre. Dette siste bør
kunna gange snøggare enn me no trur. Det norskdanske
er alt so skilt fraa det rette danske, at Danskane tek til
aa kalle det norskt1; og Bymaali vaare vert norskare
smaatt um Senn ved den jamne Innflutnaden fraa Lande,
serleg naar Landsskulen vert norsk. Koss det gjeng med
det embættsdanske veit du sjølv, som voks upp med
Skiens- og Telemark-Maal jamsides norskdanskt, so du
visst knapt veit kva du helst skal kalle Barndomsmaale
ditt2. Likevel fær me takke til, at me hev havt dette
Halvmaale; det vert meir og meir ei Overgangsbru for
Norskdanskane.

Dei hyggjelege Brørane vaare meiner, at her ikkje er

1 Jamvel vaare danskaste norskdanske fær berre so
maate-leg Ros i Danmark for Danskemaale sitt; um sjølve
Alexander Kielland skreiv J. P. Jacobsen (1879): «Sproget er
gjennemgaaende godt Dansk, af norsk at være»; og Ibsen i
«Et Dukkehjem» var i Maalvegen berre «gaaet godt frem».

Og naar dei danske Brørane vert sinna, kann dei tala
utruleg beint fram. I «Politiken» vart det for nokre Aar
sidan ført so tydeleg Tale som denne: «I Parenthes
bemærket er norsk intet selvstændigt Sprog, men kun et forurenset
Dansk, talt med svensk Accent. Resultatet af denne
Sam-menrøring er rædselsfuld. Nordmændene taler ikke; de
spytter sine Konsonanter ud, disse Kampestenskonsonanter, der
gir Indtryk af, at det er hele Vedkommendes Tandsæt, der
paa engang bruser lige i Ansigtet paa en. Den fysiske Lidelse
ved at høre «norsk» øges desuden ved...» o. s. fr.

(Merknad 1904.)

2 Les dg det Hans Ross skriv: «Jeg har egentlig aldrig
havt noget «Modersmaal». Mitt Sprog, som maaske de fleste
Nordmænds af det Samfundslag hvoraf jeg er udgaaet, har
altid været et famlende Overgangsmaal mellem Tjeneres og
andre norske Omgivelsers ret selvtrygge og derfor i
Barne-øret faldende og sig fæstende Norsk og Forældrenes og
Skolens norsk-prikkede og norsk-skjoldede Dansk.» (N. Ordb.,
Fortale S. X.)

314

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0316.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free