Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for Svenske etter Maale. Ein dansk Skulemann, som eg
ein Gong tala med um dette, sagde meg eitt og anna um
Maalspursmaale som eg lagde Merke til, og som eg
si-dan hev fengi stadfest. «Naar vi danske,» sa han mill.
a., «læser de norske Forfattere, saa beundrer vi dem
naturligvis; men vi kan jo ikke lade være at sige os, at
de heller burde skrive Svensk. Deres Dansk er — naa,
i ethvert Fald: det maatte absolut falde naturligere for
dem at udtrykke sig paa Svensk.» Fraa den Dagen av
veit eg, at det norskdanske ikkje er skikkeleg dansk
heller. Og Sanningi er, og vert vel meir og meir, at
Heimedanskane vaare er paa Gliding — austetter.
Me norske vil ikkje glide korkje sud eller aust; me
krev Heimrett i Norig; og den Retten maa me vel vinne
etterkvart. Endemaale maa vera: eit heilt norskt Norig,
paa Vis som det engelsk-franske Engelland paa Resten
vart heilt engelskt.
Med heil Heimrett vil me faa Heimhugen att; og med
Heimhugen veks Arbeidshugen og Livsmode. No armar
Norig seg ut med tankelaust Vanstyre og vill
Utvandring; daa vil det dyrke og byggje sitt eigi Land; og
fare smaatt men vitugt; og Velstand og Folkemengd vil
auke meir enn me no hev Mod til aa tru. For um Lande
kannhende ikkje er «det bedste i Europa», som du plar
segja, so er det mykje betre enn me tenkjer, etter det
me no fær ut-av det. Og med den ærlege Fredsviljen
som me er nøydde til aa hava, og med Forsvarssamband
med fleire og fleire Granneland, vil Norig halde seg
utanfor all Ufred til den Dagen kjem, daa Daapsklokka
ringjer yvi Europas Sambandsrike.
I alle høve og Hende: eit samvaksi, heilvaksi Folk
vil alltid vera sterkare og betre butt mot all Faare enn
eit Blandingsfolk, som armar seg ut i æveleg Sjølvstrid.
Striden millom By og Land vil like-eins linnast, etter-
313
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>