Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men mit skandinaviske Credo lyder so: der er tri Folk,
det norske, det svenske og det danske; og desse tri er,
just naar dei er heilt ut tri, — eitt.
Fillut og biodugt gjekk Norig av mang ein Leik;
folnande laag det under det danske, gulnande og geispande
ligg det under det «norske» Danskevelde. Men det heldt
seg med Liv i all Naud, og klara seg fram gjenom
Armod og Tvang og Sott og Daude og Svartedaude. Det
hev vori djupare nede enn no, og hadde endaa
Livskraft; den hev det framleies. Heimekjensla vaar kann
synast veik; men naar det gjeld paa, vaknar ho. All den
Lut og Forgift som paa nokor Vis læt seg bruka mot
denne Kjensla vart bruka paa meg fraa Barndomen av;
kunde Heimkjensla vakne upp att hjaa meg, so kann
ho vakne hjaa alle. Og ho er i Vakning. Trass i Danskar
og Heimedanskar; trass i Amerika; trass i alt. Armt
gjekk Norig av mang ein Leik; men det liver. Og det
vil vakne til fullt Liv.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>