Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det er det au, at Tenarane høyrer ikkje Huse til
lenger. Dei fører sitt serskilde Framandliv i
Husbonds-huse no, liksom Tenarane i Byane. Det er fint det, maa
vita. Hustavla er avteki jamvel paa det gudelege Jæren;
daa visst er dei Bödi avtekne som galdt for Tenarar og
Ungdom. Det vert meir og meir Tenarane som maa
raade for Huse no, serleg um Nætane. Og
Husbondsfolke trøytnar meir og meir av aa vera halvframande i
sine eigne Hus. Det driv i det heile meir og meir burt
fraa det gamle Husstelle. Paa Land som i By.
Det vert Borni som meir og meir maa hjelpe til. No
er det nok so, at Staten tek Borni fraa Heimen meir enn
godt er. Og lærer deim soleis upp, at dei skundar seg
til Byn so snart di er framslöpne. Men noko Hjelp kann
Borni endaa gjera. Dei yngste veks ettersom dei eldste
fer burt, so at Huse klarar seg paa ei Vis likevel, med
eit Grand Leige-Hjelp i Onne-Tidir.
So for det fyrste daa.
Men meir og meir maa det koma upp ein ny Maate
med sjølve Jordbruke. Gardane vert etterkvart
sund-skifte, til dess kvar Mann hev eit Stykke som ikkje er
større enn at han med Gognir og gode Arbeidsveide
greider det sjølv, so i det heile daa. Men dette Stykke
arbeider han so godt upp, at det gjev av seg som ein
Gard no for Tidi.
Dette med Smaabruk er ein Tanke som eg trur ikkje
lite paa, serleg daa Bror min, han Jon Garborg, som er
jordbrukslærd («Agronom») og mange Aars
Gardbrukar, hev sagt meg, at han au trur det maa skipa seg
meir og meir so. Etterkvart maa daa meir Sambruk og
Samdrift au koma upp, liksom det alt er komi Samdrift
i Mjølkehandelen.
Jordbruksskular maa me faa som det er Gagn i, og
som ikkje er for dyre, Skular paa Lag som süme av
317
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>