Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Graatassen; «han var halvdansk; naaget udenlandsk
Blod maa der være, ser du.»
Eit Bil etter rødde dei um Fisking og Fisk. «Minkar?
Ja visst minkar det. Og lenger og lenger til Havs maa
dei etter Fisken. Raad? Ja seg det. Skulde nokon finne
paa Raad, so burde det vel vera eit gamalt Fiskarfolk
som det norske. Men! — Nordmennane hev nok aa gjera
med aa lære dei nye engelske Fiskemaatane.»
Den unge nemnde noko um Staten. Graatassen var
ikkje med paa det. Knurra um Kandidatar som var glupe
i Latin; kva skulde dei skyna seg paa Arbeid og
Lands-styring. «Det er saa Gu’ kje med Jurisprudens og
Filologi man skal hjelpe et fattigt Folk, Farr!»
Samrøda kom inn paa andre Ting, og Blade fanga
meg att. Daa eg var ferdug med Stykke der, sat den
unge og fortalde um ein Kjenning som hadde bygt slikt
eit stort og gildt nytt Hus; han hadde trygda det i
Hamburg for halvt-anna hundra Tusund, trur eg. «Berre det
ikkje brenn daa snart,» mylte Graatassen. Den unge
kremta; eg kjende paa meg at han skjegla burt-til meg.
Men eg sat vel gøymd att-um Blade mitt.
Og Graatassen brydde seg ikkje um meg. Han heldt
fram um Trygding og Trygdelag; fortalde at han hadde
vori med og grunnlagt eit norskt Trygdelag ein
Gong. He-he; ja; eit norskt. «Vi har strævd med et og
andet sligt af og til; skulde hjelpe op Landet,
ser du!»
For det var ikkje annarleis her enn andre Stadir; me
trong Pengane vaare heime. Og Rentune med. Kvi
skulde me daa forære desse Skillingane til Tysken. Hja.
Sant aa segja var det sume som høyrde paa dette. Men
dei fleste gjeng til Tyskland no som fyrr. Dei kjenner
seg tryggare hjaa framande. Jamvel Folk som elles driv
paa med innanlandske Ting, og Framgang her heime,
322
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>