- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
321

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

der og røykte og rødde; den eine, han som førde Orde,
ein Graatass paa ikring seksti, var visst fraa
Kristians-sand; den andre, ein Unggut aa kalle, rødde mindre,
endaa han var Bergensar.

Etterkvart laut eg høyre etter. Dei brydde seg ikkje
meir um meg enn eg brydde meg um deim; men den
gamle kom med eitt og anna som høvde so ihop med
det eg las, at eg fullt so godt kunde brüka Øyro som
Augo.

–Norsk Vare? sagde Graatassen. Duger ikkje

med norsk Vare. Ingin Nordmann kauper norsk Vare.
Nordmennane er Eskimoar som vil hava Glasperlur;
det maa ein Kaupmann hugse paa. Freistar han aa faa
anna innpaa deim, so ryk han; «det fik bl. a. jeg erfare,
som du ved.»

«For i Ungdomen er ein Idealist,» heldt Graatassen
fram. «Ditt og datt vil ein hjelpe upp; und-so-weiter,
und-so-weiter. Duger ikkje, Guten min. Ein kjem ingin
Veg fyrr ein hev lært, at Villmannen vil hava
Glasperlur. Tyskt Jugl, Farr! Det vil Nordmannen hava.»

Den unge lo litegrand. Det kom noko anna Drøs som
eg ikkje kunde fylgje med i; men um ei Stund kvesste
Graatassen i att.

«Me norske duger ikkje til Kaupmennar!» sagde han.
«Ein norsk Kaupmann held seg aldri forsynt med det
han skulde hava. Og aldri kann han greide fraa seg so
mykje som ei Varesending utan Mistak eller Gløyming.
Gløyming, ja! —• hugsar aldri ei Avtale. Ein Kaupmann
som gløymer, ha-ha! — Ein Nordmann kann vera
Hestehandlar; men annan Handel skynar han ikkje. Finn du
ein Kaupmann som duger her i Lande, so er han tysk,
eller daa visst halvtysk. Du kann vera glad du hev ei
tysk Mor!» — Den unge lo. Han meinte Far hans hadde
kje vori so galin Kaupmann, han heller. «Naah!» knurra

321

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0323.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free