Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Olaug gjeng ihop til «Oluff», Gunleik og Gunnleiv til
«Gunnleff»; Helga vert likt med Helge, Torgerd med
Torgeir o. s. fr. All denne Villska hev sjølvsagt gjort
sitt til at dei norske Namni kom av Bruk, og at Jødane
strøymde inn fraa baade det gamle og det nye
Testamente. Folke sjølv hjelpte trottugt til. Fiffa paa dei
gamle Namni med nye Rovur — Guri vart Gurina,
Jorunn vart Jorenn og Jorina o. s. fr. —, og stasa og
pynta med all den Framanddom dei kunde faa Tak i.
Men gode Jordbrukarar og Hagemennar hev Prestane
ofte vori, og stundom gode Lærarar i desse Kunstine
med, liksom Prestekonune mykje meir fyrr enn no hev
kunna vera Lærarar i Husstell og Innearbeid; stundom
hev dei vori Doktarar med. So den eine Tidi kann ikkje
hava so mykje aa lata den andre høyre.
— Den Mannen som i Dag var inn-um høyrer til same
Ætti som gamle Presten Juel. Sjølv hev han ikkje noko
med Kyrkja aa gjera; det er Jordbruke han bryr seg
um; han er Utskiftningsformann. Men han hadde Greide
paa baade gamalt og nytt, og me rødde um mangt og
mykje. Det var som han med det han fortalde og greidde
ut for meg knytte baade Knudaheio og meg fastare
inn-aat det gamle rette Jæren.
Noko kann vel dette hange ihop med ei Avtale eg
fekk gjort med Utskiftningsformannen, og som liksom
gjer meg meir heime — og Herre — i Knudaheio enn
eg fyrr hev vori. Det skal vera Utskifting her paa
Undheim um eit Bil; og no hev eg Lovnad paa at «Garden»
min skal bli skyldsett og innførd i Bøkane med same.
Kor glad eg er for dette, skynar ikkje du, By-Kroken;
men eg er Bonde og Bondejurist og trur ikkje rett paa
nokon Ting, fyrr det er komi i Bøkane. Quod non in
actis non in mundo, veit du; det som ikkje er bokført
er ikkje til.
21 — Garborg VIII.
325
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>