Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
No er Knudaheibakken til; Knudaheibakken er
Gardsnamne. Quod felix faustumque!
— Moten raar paa Jæren med; Gjentune tek til aa
gaa med Hattar.
Dei myrke Silkeploggi som kom i Bruk etter Snippen
og Huva tok seg godt ut og var lettvinne og laglege.
Men heilt fornøgde hev vel ikkje Gjentune vori med
deim. Dessutan skal Kvinnfolki vera sjølvstendige no,
veit du, og herme etter Mannfolki.
Dei Kvendehattane eg enno hev sét skal elles ha den
Ros, at det ikkje er dei vanlege Tenestegjentehattane
fraa Byn. Det er greide ærlege Halmhattar eller
«Straa-hattar» som Gjentune lagar sjølve; og dei tek seg godt
ut. Noko vide er dei; Vinden ruskar i deim stridt mykje;
men det vil vel Gjentune etterkvart finne ei Raad med.
I denne Vindheimen var det vel elles best um
Hattane fekk Luve-Svip. Ja det som høvde best for Jæren
var den islandske Luva. Tru me kunde finne att noko
av Island, liksom der no er Tanke um aa finne att noko
av Færøyom? Dei hev vori svært burtkomne for oss,
desse gamle Broderlandi. No tek Stavanger til aa finne
Handelsvegar der burt; kunde fleire Vegar opne seg?
— Og Islands-Kvendi er dei som hev berga mest av det
gamalnorske Adels-Lage, veit me.
Nokon Heimebunad («Nationaldragt»!) hev me ikkje
lenger paa Jæren. Ein Karmannsbunad hev me havt for
ikkje so lengi sidan1; og ein Kvenmanns bunad hev me
vel au havt; men den hev eg aldri høyrt gjeti. Utan
Snippen og Huva daa; men den Stasen var vel hollandsk?
Det er daa her som elles: naar Heimebunaden er burte,
Quod felix f.: til Lykke!
1 Han var um Lag som Hallingbunaden; gamle Ola
Taar-land gjesta meg i Knudaheio i Aar klædd i den.
(Merknad 1909.)
326
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>