Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjeng Folk i avlagde Byklæde. By-Motane liksom
spøkjer paa Lande eit Bil, naar dei hev havt si vesle
braa-kande Livetid i Byen. Men i denne Skrymtetidi paa
Lande vert Paris-Motane endaa meir avskapte enn dei
i Byane var.
Um German-Landi nokon Gong lærer uppatt det dei
kunde fyrr: aa klæde seg sjølve? — Dei franske
Motane høver berre so maateleg aat Germanar. Og
fram-ifraa lite høver dei aat staute ljose German-Kvende. Eg
gløymer aldri kor forundra eg vart, daa eg kom til Paris
og fekk sjaa franske Motar paa franskt; daa vart desse
Motane vene! Det var vel det at dei høyrde heime der.
Det som her i German-Landi vert flaasut og stundom
flogsut, var lett, fint, yndefullt der i Heimen sin.
Under-legt, at German-Kvendi med sine gode Hovud skal skyna
seg so lite paa denne store Kvinnesaki! Men dei lærer
vel. I Engelland skal dei alt vera eit godt Stykke paa
Veg, segjer dei skræddarkloke. I Tyskland med vert det
arbeidt; og dette Musik-Lande burde i Klædevegen
kunna skapa fine Ting. Men Tyskland er endaa meir
Vitskapsland; og «Reform»-Tankar og Ættefrelse kjem
svært ofte i Vegen for det fagre.
— Matstelle er i Skifting paa Jæren som andre
Sta-dir; Jønnvegen gjer mykje, og det nye Mjølkestelle
hjelper til. Liksom ög den nye Skulen. Kvendi hev funni ut,
at «der er vigtigere Ting i Livet end at føde Børa og
låve Mad», maatru.
Men her er enno dei som tenkjer paa Heim og
Gard-mannsliv; og dei tek til no og vil lære Matstell. Ikkje
heime veit du; dei maa paa Skular naar dei skal lære
Heimstell, liksom Gutane maa paa Skule og lære
Jordbruk. Paa Hushalds-Skulane gjeng dei daa og
høyrer «Foredrag», og ser paa ei Lærar-«inda» som kokar
og steller. Det er paa Lag som ein Gut vilde tru at han
327
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>