Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det Arbeide i Gang trengst det ingin «Krambu»-Skule.
Det trengst ein Barneskule som gjev alle den
Kunnskapen som alle maa hava; og sidan trengst det serskild
Upplæring for Jordbrukarar, Handverkarar,
Krambu-Gutar, Skulemeistrar, Embættsmennar, Arbeidarar av
alle Slag, men Upplæring som lærer Ungdomen aa a
r-b e i d e. I süme Tilfelle, soleis ofte i Bondelive, vil
Heimen sjølv vera den beste Arbeidsskulen.
*
D’er snodigt. So langt som me no etter alle rimelege
Rekningar skulde vera komne, og trudde me var komne,
— etter alt Bondestyre i vaare Thing; etter Bøndar
jamvel i Kongens Raad; etter alle Slag Skular baade
her og der, og «Land»bruksskular ikkje minst, gildare
og gildare, meir og meir storfine, alt upp til
Jordbruks-Høgskulen som so nær hadde vorti heitande
Jordbruks-«Universitetet» attpaa, med «Professorer i Landbrug»
og alle høge Ting, — me hev meir att aa lære enn me
nokor Tid hev havt. ’
Men so er det. Stasen ét seg sjølv upp. Ingin fann
paa aa laga Styreverk og Skuleverk som var etter vaar
Raad og etter vaare Krav; Framanddom og Halvlærdom
raadde; stort, d. v. s. framandt, maatte alt vera.
Serleg galdt dette for Jordbruke. Det var so simpelt
det, stakkar, so det laut me pynte upp med mest
Framanddom. Bonden, som til alle sine andre Byrdir hev
fengi desse gilde «Assistent»Skulane au aa dragast
med, undrast visst meir og meir paa, kvar detta
By-Jordbruke skal bera av. Ja det bér nok til Amerika. Men
dit kunde han koma med mindre Braak!
Eg minnest so tidt det Orde hans Far fraa hans sjuke
Tid: at me skal spreidast yvi Jordi. Det ser meg
stundom ut som det Orde skulde kunna koma til aa gjelde
329
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0331.html